Stor aktivitet på tomta til Volda Campus Sparebank1 Arena

Volda Venstre

Arbeidet med Volda Campus Sparebank1 Arena er no i gang for fullt. For tida er det jobben med grunnarbeid og uttrauing av byggegropa som blir utført. Og mange nyfikne voldingar stoppar opp ved sikringsgjerdet for å ta ein kik. Den nye storstova i Volda skal etter planane stå ferdig i november neste år.

Bygget skal romme to fullverdige handballbaner, klatrehall med buldrevegg, aktivitetssalar, styrkerom, spinningrom, lagerrom, møte- og klubblokale, garderobar, kafe og kioskar. I tillegg kjem lokale for mediaproduksjon, fellesareal og tribunar. Og i kjellaren skal det lagast parkeringsanlegg med plass til hundre bilar.

Idrettshallprosjektet er eit fellesprosjekt mellom idretten, Volda kommune, fylkeskommunen og næringslivet – m.a. Sparebank1 Søre Sunnmøre. Formelt sett er dette eit privat tiltak eigd av aksjeselskapet Volda Campus Arena AS. Kommunen deltek i prosjektet med investeringar, ytingar og tilskot. I tillegg stiller kommunen garanti for investeringane – og har såleis det overordna økonomiske ansvaret i prosjektet.

Totalramma for anlegget er sett til 250 mill kroner. Men det blir rekna med ein momskompensasjon på nærare 50 mill kroner og eit spelemiddeltilskot på nesten 28 mill kroner. Den reelle kostanden vert såleis klart lågare enn det den totale kostnadsramma skulle tilseie.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**