Til innbyggarane i Viddal og Bjørke: Velkomne til Volda kommune!

Volda Venstre

På vegne av Volda Venstre vil eg ynskje folket inst i Hjørundfjorden velkomne som medborgarar i Volda kommune. Eg er optimist og meiner flyttinga frå Ørsta til Volda kommune skal gå greit, og at innbyggarane i Viddal og Bjørke såleis vil kunne få ein litt enklare tilgang på ein del viktige kommunale tenester. Og for oss som er tiltenkt å vere folkevalde i den nye kommunen dei neste fire åra, er det viktig å vere lydhøyre og imøtekomande overfor synspunkt og ynskjemål.

Når Bjørke og Viddal skal forlate Ørsta og bli ein del av Volda kommune ved årsskiftet – samstundes som kommunane Hornindal og Volda vert samanslegne, tyder det at innbyggarane skal røyste på det nye kommunestyret i Volda kommune ved årets lokalval.

Bjørke og Viddal er langt meir enn berre Tussa og kraftproduksjon. Her er fleire dugande og framsynte bønder, og saman med Hornindal vil Volda dei komande åra bli ein større og viktigare landbrukskommune på Sunnmøre. Naturen i indre Hjørundfjorden er storslått og imponerande, og burde gi grunnlag for yttarlegare reiselivsvekst og opplevingsturisme. I tillegg har krinsen eit rikt og spennande kulturliv – til dømes Indiford-arrangementet, Bakketunet og Jenseløda. Dette og meir til vil vere med på å gjere Volda til ein endå meir interessant kulturkommune.

Prosessen med å endre kommunegrensene i Hjørundfjorden, viste at folket i Viddal og Bjørke var delte i synet på dette. Men når avgjerda no er teken, reknar eg med at bygdefolket legg usemje bak seg og arbeider saman for ei positiv framtid. Og gode, konstruktive idear og framlegg må gjerne fremjast via grendelag, lokale organisasjonar og dei politiske partia i Volda – eller direkte til kommuneadministrasjonen.

Venstre-gruppa i det nye kommunestyret ser fram til eit godt og positivt samarbeid med innbyggarane i Viddal og Bjørke den komande perioden.

Velkomne til Volda kommune – og godt lokalval!

Hallvard Bjørneset – ordførarkandidat Volda Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**