Slik bør turvegen langs Rotevatnet byggast

Volda Venstre

Volda Venstre har programfesta å arbeide for gangveg langs nordsida av Rotevatnet den komande valperioden. Men vi er også like klare på at vi ynskjer ein nøktern gangveg som er tilpassa terrenget. Den eksisterande turvegen langs Øyraelva fram til stadion er bygd med ei grusa breidde på om lag 2 meter. Det er ei slik løysing vi ser føre oss vidare austover langs vatnet frå Årneset.

Ein veg med ca 2 meters breidde vil vere eit fullverdig gangveg-alternativ – der det er problemfritt for brukarane å kunne ta seg fram anten med barnevogn, rullestol eller rullator. Volda Venstre meiner at for dei mange voldingane som ynskjer denne gangvegen rundt Rotevatnet, vil ein turveg med om lag 2 meters grus-breidde vere eit godt og tenleg prosjekt – og eit positivt folkehelse-tiltak.

Eit slikt utgangspunkt vil også kunne vere eit fornuftig grunnlag for ein god og konstruktiv dialog mellom Volda kommune og grunneigarane.

Hallvard Bjørneset – ordførarkandidat for Volda Venstre