Reisa er farlegast mellom ferjene!

Vegsatsing i Sogndal
Venstre vil ha vegsatsing i Sogndal. Fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang., Foto: Sogndal Venstre

Å ferdast på Vestlandet i bil er eit eventyr.

Vakker natur, fjord og fjell. Bratte stup på begge sider av vegen. Møtande trafikk på smale vegstrekk. Passeringar med livet som innsats. Alltid ein sjanse for at det ligg eit ras i vegen rundt neste sving. Alltid ein risiko for at noko kjem ned fjellsida i det du passerer. Men folk må ferdast, då må dei køyre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Steinsprang ved Trengereid

GUL MIDTSTRIPE

For Venstre er det viktig at dette ikkje skal være med livet som innsats. Dette er jobb nummer ein på Europa- og fylkesvegane våre; brei nok veg til at det er plass til gul midtstripe, og rassikring. Dei store prosjekta for å ta ned reisetida kan vente. Det kan ikkje trygging av dagens vegstrekningar.

RASUTSATT

Det er mange ferjer på Vestlandet. Det er ikkje der ulukkene skjer. Dei skjer mellom ferjene. Regjeringa løyva i statsbudsjettet for 2019 nesten 2 milliardar til rassikring av vegar, og dei seinare åra har det vært ei auke for kvart år. Men framleis er lange strekk på dei tre Europavegane i Vestland både rasfarlege og utan midtstripe. Det er mange, mange fylkesvegar, svært mange av dei har ikkje ein einaste meter med midtstripe, berre kilometerlange strekk med rasfare. Men folk er avhengig av å køyre der. Dei må til butikk, lege, offentlege tenester i kommune- og regionsentera som ligg i andre enden av desse vegane.

DRITTVEGAR

Det er på tide me tar på alvor at drittvegane må fiksast, og at dette er jobb nummer ein. Det er ei stemme til Venstre i fylkestingsvalet ein garanti for at skjer.
Gunhild Berge Stang, fylkesordførerkandidat
Geir Kjell Andersland 2.kandidat

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**