Kjære førstegongsveljar

Hareid Venstre, 1-3
Hareid Venstre sine tre første kandidatar, f.v. Jenny Helen Korsnes, Annika Brandal og Ann-Christin Bonde Helliksen., Foto: Hareid Venstre

Gratulerer med retten din til å stemme ved kommune- og fylkestingsvalet i haust! Du kan for første gong vere med på å bidra til å bestemme korleis Hareid kommune skal styrast dei neste fire åra. Det som blir vedtatt dei komande fire åra vil også ha betydning for Hareid i framtida – i mange år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Eg heiter Annika Brandal, og er Hareid Venstre sin ordførarkandidat i år. For 20 år sidan, i 1999, var eg førstegongsveljar. Mitt første val eg fekk røyste ved, var også eit kommune- og fylkestingsval, slik som i år, og eg hugsar kor overveldande det føltes å skulle prøve å orientere seg i partiprogramma. Slik er det nok for mange av dykk også. Mitt råd er å sjå litt på enkeltsakene og verdigrunnlaget, og vel det partiet du kjenner deg mest “heime” i. Ver heller ikkje redd for å spørje oss som stiller til val om du lurer på noko.

Dei siste fire åra er det eg og Jenny Helen Korsnes som har sete i kommunestyret for Hareid Venstre. Vi stiller begge til val vidare, og har med oss både nye og erfarne
personar på lista.

At eg blei politisk aktiv er nok litt tilfeldig, noko som eg no er takknemleg for. Eit par år etter kommunevalet i 1999 handsama kommunestyret ei sak som engasjerte meg, og då var det politiske engasjementet tent.

Eg blei valt inn i kommunestyret i 2003, og har vore med i politikken sidan då. Det har vore både spennande, lærerikt og litt frustrerande, men mest av alt, er det kjekt å få vere med å utvikle den flotte kommunen vår vidare og jobbe for at Hareid skal vere ei god kommune å bu i, uansett alder. Eg og Venstre er klar til nye fire år med engasjement for kommunen vi er så glad i.

Vi skal framleis ha gode barnehagar, skular og eldreomsorg. Vi må også ha eit godt fritidstilbod for born, ungdom og vaksne, og kommunen må støtte opp om alt det frivillige arbeidet som blir lagt ned for å oppretthalde alle dei flotte fritidstilboda vi har. Derfor var Venstre opptatt av å få på plass ein ny kulturkonsulent i kommunen i 2018, som mellom anna har jobba målretta med å få etablert ungdomsråd og gjenopning av ungdomskafeen. Ungdom er framtida, og vi skal lytte til ungdommen i kommunen.

Næringsliv, miljø og bustadfelt er også saker som opptek oss. Det kan du lese meir om i brosjyra vår (pdf-fil).

Eg håper alle nyttar stemmeretten sin i år! Og lurer du på noko, send meg gjerne ei melding!

Er du ikkje i heimkommunen på valdagen måndag 9. september, kan du førehandsrøyste i heile landet allereie no.

Godt val!

Beste helsing

Annika Brandal
ordførarkandidat Hareid Venstre
www.facebook.com/annika.brandal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**