Sunnfjord Venstre har ei sterk liste med mange gode namn ved årets kommuneval. Valprogrammet vårt for 2020 – 2023 har namnet «Få fart på Sunnfjord!». Dette fordi folketalsutviklinga i nye Sunnfjord kommune stagnerer, vi blir stadig fleire eldre og mange av ungdomane våre flyttar ut. Denne trenden vil Sunnfjord Venstre snu. Skal vi utvikle regionen og styrke dei kommunale tenestene må vi få fart på Sunnfjord att.
Sunnfjord Venstre meiner bærekraft og omsyn til klima og miljø må ligge til grunn for all aktivitet i den nye kommunen.
Vil du ha fart på Sunnfjord? Då må du stemme Venstre!
Her finn du lista med alle kandidatane våre.
Her finn du heile valprogrammet vårt «Få fart på Sunnfjord!» (pdf)
Her er valbrosjyren vår (to sider):