Kandidatpresentasjon: Kjersti

Kjersti er ordførarkandidat for Osterøy Venstre
Kjersti I. Vevatne

Kven er du?

Eg er Kjersti Ingolvsdotter Vevatne frå i Etne i Sunnhordland. Er arkeolog og har vore tilsett i fylkeskommunar i fleire år. No er eg arealplanleggar i privat planfirma. Sit i heradsstyret og formannskapet for Osterøy Venstre. Er elles med i styret for Osterøy Mållag og har medlemsskap i UL Fram, Hagelaget og Sogelaget på Osterøy. Eg er aktiv og engasjert og sit sjeldan i ro!

Kva er du oppteken av?

Eg er opptatt av barn og unge, lokaldemokrati, openheit i forvaltninga, og det å sjå Osterøy i eit breiare bilete. Eg ønskjer å bidra til at ungar på Osterøy får den beste starten på livet, og vil freiste å skjerme oppvekstsektoren for nye kutt i budsjetta. Kvalitet, faglegheit og god bemanning er viktige stikkord.

Osterøypolitikken er til tider kaotisk og uryddig. Eg vil gjerne bidra til betre rolleforståing, slik at vi kan bygge tillit. Samfunn skal byggjast nedanfrå og opp, og det er viktig med ein kommune son er open og tydeleg. Innsyn, openheit og offentleg ordskifte er grunnleggjande for eit demokrati.

Eg meiner klima er ei av dei største utfordringane vi har i dag, og lokale grep er viktige. Slike grep er også bra for folkehelse og nærmiljø! Eg har tru på at Osterøy kan bli den grøne øya!

Framtida vil bringe nye oppgåver og større ansvar for kommunen. Eg vil jobbe for at Osterøy blir del av ein større kommune. Eg trur ikkje lokal identitet og lokal kultur er vedteken i rådhuset i Lonevåg, og osteringen vil bestå sjølv om administrative grenser ikkje lenger går i fjorden.

Kvifor står du på Venstre si liste?

Det handlar om Venstre sitt verdigrunnlag og syn på mennesket. Venstre er framoverlent, kunnskapssøkande og endringsvillig, men vernar også om viktige verdiar. Dette er ei grunnhaldning som treff meg heilt. For meg er det viktig å bruke tid på å sette seg godt inn i saker og å unngå å hamne i grøftekantar. Dette er også mitt Venstre, som passar meg hand i hanske.

Her finn du resten av Osterøy Venstre si liste.

Her finn du Osterøy Venstre sitt valprogram.

Godt val!