Ta vare på Sognefjorden!

For mange år sidan var Sognefjorden eit velfylt matkammer for folk langs fjorden. Slik er det ikkje lenger, og me treng ein forvaltningsplan for å bygge opp fjordfiskbestandane. Dette må me klare samtidig som me kan videreutvikla ei berekraftig reiselivsnæring i og rundt fjordsystemet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Av Jan Arild Rømmen, 4. kandidat Sogndal Venstre (innlegget vart først publisert på Porten.no 29. august 2019)

Jan Arild Rømmen
Jan Arild Rømmen er 4. kandidat på lista til Sogndal Venstre.

Ekspertar som Torbjørn Dale i Sognefjorden Vel meiner det kan vere fleire årsakar til nedangen i fangstane, som klimaeffektar, næringstilgang i havet eller overfiske. Ein ser at utbyggjinga av vasskraft fell saman med fangstnedgangen, og dei største vasskraftanlegga finn vi nettopp i Indre Sogn.

Om vinteren blir det sleppt ut mange gonger meir vatn innerst i fjordsystemet som før reguleringa, mens utsleppa om sommaren er halvert. Dette kan påverka miljøet i dei øvste 10-20 meter i vassøyla, som endra saltinnhald og straumforhold.

Ein veit at egg av fjordtorsk i større grad blir vaska ut i ein «regulert fjord», og kanskje kan det same gjelde andre artar. Endringane i vasskvaliteten kan også framskynda planteplanktonet sin blomstringssyklus, noko vil påverka dyreplankton og andre artar i næringskjeda – heilt opp til sild, brisling og artar som beitar på desse.

Kraftselskapa kunne endre vassføringa for å ta meir omsyn til fjordmiljøet, men etter kva eg forstår stoppar vasskraftregulantane sitt miljøansvar ved elveosen i fjorden. Medan forvaltninga av elvane ligg til Miljø- og klimadepartementet, er forvaltninga av fiskebestandane i sjø er lagt til Nærings- og fiskeridepartementet. Denne splittinga av forvaltningsansvaret gjer ikkje saka enklare.

Eg er kjent med at Sognefjorden Vel har påpeikt dette i høringar, og det vart i tillegg teken opp direkte med klima- og miljøminster Ola Elvestuen (V) i eit temamøte med Sogndal og Luster Venstre før sommaren.

Saka handlar ikkje berre om det marine miljøet i fjorden, men også reiseliv og potensialet for fisketurisme. Sogdal Venstre vil difor jobba vidare med saka. Me har tru på at det går an å kombinere bruk og vern. Me heiar på Visit Sognefjord som jobbar med sin berekraftsstrategi for turismen. Det kunne også vore interessant å sjå nærare på det kommersielle fisket av brisling og på forvaltinga av sjøkrepsbestandane.

I Sogndal Venstre vil me jobba for at alle kommunane rundt Sognefjorden må gå saman for å gjere vårt for å ta vare på miljø og verdiskaping i og rundt Sognefjorden.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**