Heia studiestaden Sogndal!

BIlde av Maria Knagenhjelm
Sogndal Venstre vil at kommunen skal utvikle ein eigen strategi for utdannings-, forskings- og skulekommunen Sogndal, skriv Maria Knagenhjelm., Foto: Sogndal Venstre

I desse dagar er det oppstart for studentar over heile landet, og 2300 av dei vil studere i Sogndal. Sogndal Venstre vil jobba for at kommunen skal gjere enda meir for å utvikle Sogndal som ein attraktiv studiestad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Av Maria Knagenhjelm, 7. kandidat Sogndal Venstre (innlegget var først publisert i Sogn Avis 29. august 2019)

I tillegg til alle som har sitt arbeid på Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal, er det mange arbeidsplassar i eit lokalsamfunn som indirekte kjem som ei følgje av gode studenttal. Helsetenester, butikkar, serveringsstader og mange andre skapar arbeidsplassar og verdiar.

Sogndal Venstre vil at kommunen skal utvikle ein eigen strategi for utdannings-, forskings- og skulekommunen Sogndal.

Strategien bør ha mål om at fleire elevar og studentar registrerer flytting til Sogndal – og blir buande her etter fullført studium. Den nye kommunen bør også ta ei aktiv rolle ovafor høgskulen for å kunne støtte opp om Campus Sogndal og sikre ein levedyktig studiestad på lang sikt.

Venstre vil at kommunen skal samarbeide med studentorganisasjonane om styrking av kultur- og aktivitetstilbod, og vurdere ei kulturkort-ordning for studentar. Dette er ein måte å sikre enda meir samhandling mellom tilflyttande studentar og fastbuande.

Me vil også vidareføre gode «ung-transport»-ordningar og jobbe for betre gjennomgåande kollektivtilbod tilpassa ungdommen sine behov. Ved å støtte festivalar og særeigne kulturarrangement, og bruka dei aktivt i å profilere kommunen, vil både ikkje-studerande og studerande ha eit godt utval av aktivitetar mellom fjell og fjord.

Gode vilkår for studentar er både ei nasjonal sak og lokal sak. Nasjonalt er tilgang til studentbustader og utbetringa av studiefinansieringa ei viktig sak for Venstre. I løpet av dette studieåret er ambisjonen for Venstre å fullføre 11 månaders studiefinansiering. Studieløftet har allereie gitt studentane 11 600 kroner meir å rutte med samanlikna med 2013.

Så er det viktig at vi gjer det vi kan lokalt for å utvikle Sogndal til ein superattraktiv studiestad, gjennom varierte kulturtilbod og godt nærmiljø, ivaretaking av natur for biomangfald og friluftsliv, samt betre kollektiv- og sykkeltilrettelegging. Ein stad der det er godt å være student, er også ein stad der det er godt å være innbyggjar.

Godt nytt studieaor!

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**