Fleire lærarar og mindre klasser før gratis godar i Orkland-skulen

Våre toppkandidater har et innlegg i Avisa ST i dag om skolepolitikk, med kommentarer til innlegg fra Ap og SV:

Ingenting er så sosialt utjamnande som ein god skule, derfor går Venstre til val på å styrke skulen. Vi ønsker å gjere Orkland til ein føregangskommune for samarbeid mellom skule og bedrifter, med betre tilbod om praktisk opplæring, og meir innovasjon, kreativitet og teknologi i skulen. Vi vil prioritere fleire og betre lærarar, og mindre klasser, framfor gratis godar for alle dei som har meir enn nok ressursar.

Det er mange gode grunnar til å innføre skulemat, slik Kjøren og fleire av Orkland Ap sine listekandidatar skriv i innlegg i Avisa ST 1. aug.; både sosial utjamning, læringsmiljø og folkehelse. Men dei fleste klarar godt å ordne med mat til barna sine på skulen, og Venstre ønskjer ikkje prioritere gratis skulemat til alle i eit trongt kommunebudsjett. Eit godt alternativ kan vere å sjå til korleis Meldal i dag organiserer skulemat, med foreldrebetaling – og moglegheit til å gi gratis skulemat til dei som treng det.

Vi er einige med SV at vi bør ha søskenmoderasjon på tvers av barnehage og SFO (innlegg i ST 24. aug.). SV vil også ha gratis SFO – nok ein gong meiner vi i Orkland Venstre at vi ikkje bør prioritere gratis godar til ei befolkning der dei fleste har meir enn nok, og at vi heller må ha målretta tiltak for dei som treng det. I regjering har no Venstre fått utvida ordninga med gratis kjernetid i barnehage for låginntektsfamiliar til også å gjelde toåringar (ordninga gjeld til saman 46500 barn frå hushald med samla inntekt lågare 548 500 kroner), og jobbar no for tilsvarande for SFO. Dette er også gode og viktige integreringstiltak!

Lavrans Skuterud, Mildrid Nesheim, Christian Bonvik og Hanne Kvernmo Rye, listetoppar for Orkland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**