All ære til lokalpressa vår – «Møre», «Mørenytt» og «Fjordingen» – for grundig informasjon om lokale saker og lokale kandidatar i høve haustens kommuneval. Men likevel opplever vi endå ein gong at eit lokalval druknar i støyen av rikspolitiske saker og mediarøynde partitoppar. Dette gjeld i utgangspunktet alle dei politiske partia våre – med dei store, ressurssterke partia i førarsetet.
Denne utviklinga er eit tankekors. Når avstanden mellom den rikspolitiske bodskapen og veljarane sitt lokale røysteoppdrag blir for stor, kan dette vere ei av årsakene til at veljarane reagerer med likesæle og manglande engasjement når det gjeld lokal listedeltaking og valoppslutning.
Etter nærare 30 år med lokalpolitisk arbeid, vil eg hevde at lokaldemokratiet og det kommunale sjølvstyret vert meir og meir vengeskote. Kommunane blir i stor grad framleis detaljstyrte og detaljregulerte av stat, regjering og storting. Denne utviklinga må rikspolitikarane snarast ta på alvor. Ei kommunereform er i seg sjølv ikkje nok. Den må følgjast opp med innhald.
Ingen er betre skikka til å ivareta lokaldemokratiet og kommunens interesser enn dei lokale folkevalde. Så kan rikspolitikarane i staden nytte kreftene på å sikre kommunane rimelege og forutseibare rammer, og å minske statleg øyremerking og detaljstyring.
Årets lokalval er ikkje ei folkerøysting verken over regjering eller opposisjon. Den vurderinga kan veljarane trygt vente med til stortingsvalet i 2021. Årets val er innbyggarane sitt høve til å seie si ærlege meining om lokale saker og felle sin dom over lokalpartia og den lokalpolitiske leiarskapen.
Godt lokalval!
Hogne Kvangarsnes – leiar i Volda Venstre