På tide å avklare kommunehus i Sogndal

BIlde av Bjarte Haugen og Trude Risnes
Nye Sogndal må snarast avklare kva som skal vere den permanente lokaliseringa for kommuneadminstrasjonen på Leikanger, meiner Sogndal Venstre, her ved ordførarkandidat Trude Risnes og 2. kandidat Bjarte Haugen., Foto: Sogndal Venstre

Nye Sogndal må snarast avklare kva som skal vere den permanente lokaliseringa for kommuneadminstrasjonen på Leikanger, seier lokale Venstre-toppar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

– Greitt at nye Sogndal har gått inn mellombels leigeavtale i Statens hus, men vi vil ha saka om permanente lokale raskt på sakskartet no framover. Dersom beslutninga om permanente lokale for kommuneadminstrasjonen i Leikanger dreg ut, vil dette berre gje uro, seier ordførarkandidat Trude Risnes, 2. kandidat Bjarte Haugen, og Are Kvistad, 5. kandidat og leiar i Sogndal Venstre.

I politisk plattform for nye Sogndal kommune er det bestemt at Leikanger skal vere administrasjonssenter i den nye kommunen. Politisk og administrativ leiing skal lokaliserast her. Plattformen seier også at ikkje-stadbundne tenester skal fordelast til eksisterande kommunesentra, og at tal arbeidsplassar i kommunehuset i Balestrand skal vere minst på dagens nivå. Tinghuset, dagens kommunehus på Leikanger, er lite tilgjengeleg og det er krevjande å gjere endringar og nødvendige utvidingar for å ivareta framtidsretta løysingar for eit framtidig kommunehus på Leikanger. Prosjektet og Fellesnemnda sette difor saka på kartet i fjor haust.

Fellesnemnda ba først om ei utgreiing av kontorbehovet for administrative stillingar og bruk av eksisterande administrasjonsbygg i Balestrand, Leikanger og Sogndal frå 2020. Vidare ga Fellesnemnda prosjektrådmannen fullmakt til å forhandle med aktuelle aktørar, for å sikra nye Sogndal kommune tenlege lokale for administrasjonen i Leikanger.

I desember fekk Fellesnemnda saka på nytt. Prosjektrådmannen tilrådde Fellesnemnda å inngå mellombels leigeavtale i Statens hus på inntil 5 år. Utgreiinga slo fast at vidare kartlegging og betre oversikt etter innplassering i organisasjonen var nødvendig, for å vite meir om det framtidige kontorbehovet og den endelege løysinga for administrasjonslokale i Leikanger. Eit fellesframlegg frå ordførar Jon Håkon Odd og Venstre ønskte ikkje å utsette saka, men føreslo å starte tingingar om administrasjonslokale i nybygg på sentrumstomta Fjordheim. Framlegget la til grunn at ei intensjonsavtale ville kunne handtere behovet for nærare arealspesifikasjonar. Framlegget fall med 7 stemmer (2 AP, 2 Venstre, 1 H, 1 Sp, 1 SV). Med eit fleirtal på 11 blei det vedteke å gå inn leigeavtale på Statens hus, og at det i løpet av perioden skulle gjerast vurderingar for ei framtidsretta løysing for lokalisering på Leikanger.

Ei mellombels leigeavtale i Statens hus er no signert. Leiargruppe og mellomleiarar er i all hovudsak på plass, og dei fleste tilsette er under innplassering. Sogndal Venstre meiner at det då er på tide å avklare kva den framtidsretta lokaliseringa for administrasjonssenteret i den nye kommunen skal vere. Dette er eit spørsmål dei tilsette også er opptekne av. Det same er innbyggjarane, særleg i Leikanger. Dei fryktar at det heile skal renne ut i sanden og at Leikanger står att med ein administrasjonssenter-status utan innhald.

– Sogndal Venstre er klare på kva vi meiner: Leikanger er administrasjonssenteret i nye Sogndal kommune. Lokalisering av administrasjonen i Statens hus er kun mellombels, og bør vere så kort som mogeleg. Om den framtidsretta løysinga skal vere i kommunens eige, eller med langtids leigekontrakt, er ikkje det viktigaste. Vi meiner begge løysingar kan vere aktuelle, og at det finst konkrete alternativ i sentrumsområdet på Leikanger i dag. Det handlingsrommet må nye Sogndal no ta!

Sogndal Venstre forventar at dei ulike ordførar- og partikandidatane og nytt kommunestyre er klare til å drive fram denne saka. Vi vil ha avklaringar rundt «den framtidsretta løysinga» for administrasjonslokalet, og vi vil ha ei løysing i tråd med den politiske plattformen.

Intensjonane er klare og organisasjonen er på plass. Vi ser ingen grunn til å legge denne saka på is og dra spørsmålet langt ut i perioden. Det vil berre skape uro. No er det tid for å ta ei beslutning.

 

Sogndal Venstre

Trude Risnes – ordførarkandidat
Bjarte Haugen – 2. kandidat
Are Kvistad – 5. kandidat og leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**