Det seier fylkesordførar-kandidat Gunhild Berge Stang og ordførarkandidat i nye Sogndal, Trude Risnes.
– Venstre prioriterer trafikktryggleik og utbetringar som reduserer reisetid internt i regionen. Strekninga Hella-Leikanger er viktig for pendlarar og næringstransport i nye Sogndal, og for gjennomgangstrafikk langs Sognefjorden og sørover mot Bergen, seier Risnes.
– Og dei siste åra vist at stadige ras og ulukker på hovudårene E16 og E39 stiller krav til RV55 som trygg og effektiv omkøyringsveg, seier toppkandidat Gunhild Berge Stang i Vestland Venstre.
Når det gjeld FV 185 Njøsavegen, er denne i dag eit stykke ned på den fylkeskommunale prioriteringslista.
– Leikanger kommune har sjølv teke kostnaden med å regulere inn fortauløysing langs Njøsavegen. No utfordrar vi det nye fylkestinget til å prioritere meir midlar til trafikktrygging, særleg på utsette strekningar der born og unge ferdast, seier Trude Risnes.
Dei to Venstre-toppane er samde om felles løft som kan gje raskare realisering av fortau langs Njøsavegen framover.