Busstilbodet mellom indre og ytre må betrast

På Søre Sunnmøre er det stort behov for betre kollektivtilbod mellom indre og ytre.

Det er mange grunnar til at bilen vil vere det berande framkomstmiddel for å kome seg på jobb mellom dei ulike stadane, men Venstre vil gjere det meir attraktivt å bruke buss. Svært mange har jobbreisa si mellom til dømes, Ørsta, Volda og Ulsteinvik, men busstilbodet er ikkje godt nok. Tilgjenge og frekvens må bli mykje betre enn i dag.

I “bompengeavtalen” mellom dei fire regjeringspartia fekk Venstre gjennomslag for auka kollektivsatsing. Ikkje berre i dei store byane, men elles i landet også. Dette må og skal også vårt område nytte oss av. Ørsta Venstre tok opp dette med vår fylkesordførerkandidat Pål Farstad då han var med oss i Ørsta sist laurdag, og vi er samde om å legge trykk både på fylkeskommunen og Venstre sentralt for å auke kollektivbruken også i vårt område.

Å få Timeekspressen til å gå ei ytre rute om Ulstein og Hareid i tillegg til dagens rute langs Vartdalsstranda må på plass.

Gunnar Knutsen

Ørsta Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**