Ordførarkandidat for Giske Venstre

Jan Ove Skodje

Ordførarkandidat

Eg har alltid vore stolt over å fortelje kvar eg kjem i frå og kvar eg arbeider.

Det har vore med på å utvikle mitt engasjement for heimstaden min og kommuna vår.

 

Frivillegheit og dugnadsånd er det som driv meg og har gjort meg til den eg er. Alt med eit stort ønskje om at vi alle skal ha det godt rundt oss, både om vi treng kommunale tjenester og støtte elles i nærmiljøet vårt.

 

Giske kommune er ei flott kommune å vekse opp i, der alle øyane har kvar si særeigenheit. Den må vi ta vare på og sørgje for å behalde. Vi må vekse i takt med kvarande slik at vi fortsatt beheld vår identitet.

 

Havområda rundt oss er ein av mine store lidenskapar. Det er derfor med ein god posjon stolthet at eg takka ja til å vere med i Marint Vern for å bidra for miljøet vårt der.

 

Godt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**