Landbrukspolitisk tur i Valdres

Foto: Knut Aastad Bråten

Valdres Venstre har gleda av å invitere stortingsrepresentant og landbrukspolitisk talsmann i Venstre André Skjelstad på rundtur i Valdres.

Tid og stad: måndag 26. august frå klokka 12, med oppstart på Piltingsrud i Sør-Aurdal. Vi håpar så mange som mogleg blir med!

Programmet for dagen ser slik ut:

Kl. 12.00-13.15 Piltingsrud | Sør-Aurdal

Innleiingar v/kjøtprodusent Rasmus Piltingsrud og Siri Ødegaard, og bakar Helge Gjerdalen Holte. Etter presentasjonane blir det kort prat om utfordringar og moglegheiter i bransjen. Servering av enkel mat medan vi held på.

Kl. 14.00-15.00 Vøll | Etnedal

Gardsbesøk hjå mjølkeprodusent Asmund Wold i Etnedal.

Kl. 15.45-16.45 Reboli kjøtt | Leira

Kva er utfordringane og moglegheitene for ein lokal kjøttforedlar i Valdres i dag?

Kl. 18.00-19.00 Samling for Venstre-medlemmer på Valdres Folkemuseum, Fagernes

Orientering om valkampen – om stand, om dørbank, om bruk av sosiale medium m.m.

Kl. 19.00-20.00 Føredrag ved André Skjelstad på Valdres Folkemuseum, Fagernes

Kva skil regjeringas landbrukspolitikk frå tidlegare politikk? Kva legg noverande regjering vekt på? Kva slags landbruk ynskjer regjeringa seg? Kort innleiing ved Andre – sidan samtale med dei frammøtte.

 

Vi håpar du vil vere med oss denne dagen! På grunn av servering av mat er det fint om vi får ei tilbakemelding på kor mange som blir med. Meld ifrå til [email protected]

Beste helsing

Knut Aastad Bråten og Ingjerd Thon Hagaseth

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**