Endeleg kan du stemme ved kommune- og fylkestingsvalet! Det er ein utruleg viktig rett, som også gir deg medansvar for korleis Vanylven kommune, og Møre og Romsdal fylke skal styrast dei neste fire åra. Det som blir vedteke dei komande fire åra vil også vere viktig for Vanylven lenger fram i tida – noko også langt fram. Det er difor viktig at også di stemme blir høyrt, slik at det som er viktig for deg, blir teke omsyn til når avgjerder skal takast.
Mitt namn er Lena Landsverk Sande, og er Vanylven Venstre sin ordførarkandidat til valet i år. Dei siste 4 åra har eg vore ordførar, og eg vonar at du som ungdom har lagt merke til at born og unge sine oppvekstvilkår i Vanylven er noko av det viktigaste for meg.
Politikk er samarbeid, og det er viktig at dei ulike partia i kommunestyret finn løysingar saman, om vi skal skape vidare vekst i Vanylven i dei komande åra. Eg håpar på at vi blir mange engasjerte i kommunestyret, og eg innrømmer at eg har svært lyst til å få fortsette som ordførar i kommunen eg er så glad i.
Det er ikkje lett å velje rett. Og det er slett ikkje slik at det som er rett for andre er rett for deg. Eg oppmodar deg likevel til å tenkje deg godt om, finne nokre saker som er viktig for deg, og vel det partiet som du trur vil vere best for Vanylven si framtid. Sjølvsagt vonar eg at det blir Venstre si liste. Ikkje berre for at eg skal få lov til å halde fram som ordførar, men fordi eg sjølv har valgt Venstre fordi Venstre tek omsyn til fellesskapen, samtidig som vi har fokus på at menneska har ulike behov. Vi må lytte til den einskilte, og ikkje ta det som ei sjølvfølgje at likt for alle er mest rettferdig. Det som er viktig for deg kan vere noko heilt anna enn det som er viktig for dine vener, og det som er viktig for deg i dag kan vere noko heilt anna enn det som er viktig for deg om 20 år. Venstre ynskjer å sjå heile mennesket, gjennom heile livsløpet, og skal vi gjere det på ein god måte, så treng vi å vite nettopp kva som er viktig for deg! Difor er di stemme avgjerande for eit godt val – både i Vanylven og i Møre og Romsdal.
Eg er 1. kandidat for Venstre i Vanylven, og eg er 4. kandidat for Venstre i Møre og Romsdal. Di stemme er viktig om eg skal kome inn! Eg vonar sjølvsagt at du hjelper meg til å kome inn i kommunestyret og i fylkestinget. Men aller viktigast er det at du faktisk bruker røysteretten din.
Venstrelista inneheld like mange kvinner som menn i Vanylven. Det er eit godt samansett lag, med engasjerte menneske i ulik alder, med ulike yrker og interesser. Felles for alle er at vi stiller oss bak det programmet som vi har levert ut i postkassene, og som har overskrifta På lag med framtida. Du er framtida.
Vi skal framleis ha gode barnehagar, skular og eldreomsorg. Vi må også ha eit godt fritidstilbod for born, ungdom og vaksne, og kommunen må støtte opp om alt det frivillige arbeidet som blir lagt ned for å oppretthalde alle dei flotte fritidstilboda vi har. Difor støttar Venstre opp om ungdomskontakta, MOT og Jobbsjansen for unge. Vi har stått på for å få på plass ein kulturkonsulent i kommunen, som mellom anna står bak nettsida Vanylven Fritid, og som jobbar godt saman med andre tilsette når det gjeld barn- og unge i kommunen vår. Ungdom er framtida, og vi skal lytte til ungdommen i kommunen.
Næringsliv, miljø og busetting er også saker som opptek oss. Det kan du lese meir om i brosjyra vår, som ligg lett tilgjengeleg på Facebook-sida til Vanylven Venstre.
Eg håper alle nyttar stemmeretten sin i år! Og lurer du på noko, så send meg gjerne ei melding!
Er du ikkje i heimkommunen på valdagen måndag 9. september, så kan du førehandsrøyste i heile landet allereie no, men hugs at då er fredag den 6. september siste sjanse.
Godt val!
Beste helsing
Lena Landsverk Sande
ordførarkandidat Vanylven Venstre
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**