Benedikte Holmberg: «Rotsetfjøra – Quo Vadis?»

Volda Venstre

I slike saker er det eg skulle ynskt at eg hadde «ordets makt» for å kunne overbevise alle om at vi her er i ferd med å vedta noko som kanskje vil stå igjen som den verste skampletten i Voldahistoria – iallfall i mi tid som kommunalpolitikarar.

Det er vel ingen tvil om kvar Volda Venstre har stått og fortsatt står i denne saka. Planforslaget som ligg føre og no skal leggast ut til høyring etter knapt fleirtalsvedtak i formannskapet, er på godt norsk ikkje anna enn «copy-paste»-tankegang over trenden som herjar landet, der alle små bygdebyar og tettstadar får sjøfronten attbygd av ivrige investorar der størst mogeleg inntening ser ut til å vere det styrande. Her er det ikkje snakk om stadstilknytta arkitektur eller tilpassing til dette unike området vi har i sentrum av Volda. Og dette er i vår tid det som blir kalla Utvikling. Men utvikling for kven, og er det dette vi ønsker oss for Volda og Rotsetfjøra?

Dette utbyggingsforslaget handlar om meir enn ei tilfeldig sjønær tomt. For Voldasamfunnet handlar dette om å ivareta og utvikle på ein skikkeleg måte eit område med viktig kulturhistorie, der fleire verna bygg står i fare for å bli visuelt vandalisert dersom denne utbygginga blir gjennomført. Det er eit hån mot desse bygga å påstå slik det står i planomtalen: «Desse vil bli bevart gjennom planen».

Dette er eit område med unike kvalitetar som er viktig å ta vare på i all vår iver etter sentrums»utvikling» og fortetting. Ja, Venstre ønsker vitalisering av sentrum og sentrumsnære bustader, men dette er langt frå svaret på den oppgåva.

Området i Rotsetfjøra og kring Garvarbuda har store mulegheiter og uutnytta potensiale for utvikling og vitalisering til noko som heile Volda-samfunnet kan ha glede av, ikkje berre investorane eller dei få som får kjøpt toppleiligheit med fjordutsikt på bekostning av dei som hamnar i skuggen bak.

Dette handlar også om å sjå verdien i det som ikkje kan målast i kroner og øre. Det handlar om deg og meg som i dag nyt «luksusen» av å kunne rusle Andenesvegen med utsikt til fjord og fjell. Det handlar om å gi oppveksande barn, også i sentrum av Volda, det unike med mulegheita for tilgang til fjøra og sjøen. Kanskje blir dette enno meir viktig «luksus» i kvardagar fyllt med dataspel og ipad-ar…..

Og ikkje minst: Vi snakkar heile tida om verdiskaping, om BULYST, det å gjere Volda attraktiv for tilflytting. For meg er det også dette denne saka handlar om: skape TRIVSEL i omgivnadene våre – der også estetikk får spele ei viktigare rolle, skape uformelle møteplassar der naturen og sjøen kan opplevast i nærområdet – også i sentrum.

Då er det nett slike unike kvalitetar og «perler» vi enno har i Volda sentrum som vi må hegne om og utvikle til glede for heile Volda-felleskapen.

På same måte som Elvadalen har blitt ein suksess, med Årneset og Stadionparken, kan vi utvikle dette vidare og knyte saman Andaneset, Rotsetfjøra, Elvadalen til ein samangengande natur- og kulturakse frå fjord til fjell – der vi også kan formidle Volda si historie og identitet. Området kan med enkle grep transformerast til å bli ei naturperle ved fjorden, berre allmenta får tilgang til området og ein tilrettelegg for aktivitet og møteplassar.

Vi snakkar om kva Volda kan ha å tilby for turismen? Det ligg der – like framfor nasa! Og kven veit – tenk om vi kunne få Voldas første fiskerestaurant ved sjøkanten på Rotset?

Benedikte Holmberg, 3. kandidat Volda Venstre

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**