Av Trude Risnes, ordførarkandidat i Sogndal Venstre, og Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat i Vestland Venstre (innlegget var først publisert i Sogn Avis 19. august)
Venstre i Sogndal og Vestland oppmodar deg om å gjere val for framtida. For oss betyr det å utvikle ein berekraftig og attraktiv kommune og region, og ei framtid for deg!
Venstre prioriterer oppvekst og utdanningstilbod, grøne næringar og arbeidsplassar, og vi tek klima- og miljøkampen på alvor.
Difor vil Venstre
- ha gode lærarar og andre fagressursar som har tid og rom til å sjå alle
- styrke ordningane med sosiallærar og mobbeombod, skulehelseteneste og rådgjevarteneste
- ha ein desentralisert skulestruktur og mangfald i skuletilbodet
- at leige i hallar og kulturlokale skal vere rimeleg, det vil særleg hjelpe dei smalare aktivitetane
- ha fleire lærlingplassar og styrke samarbeidet mellom skule og næringsliv
- bidra til nye løysingar som gjev elevar og studentar rimeleg skule- og kantinemat
- halde fram med parkeringsavgift i sentrum, for å utvikle meir grøntområde, sykkel-vegar og garasjar
- vidareutvikle regionsenteret Sogndal og legge til rette for friluftsliv i fjella og langs fjorden
- stimulere lokale initiativ og grøn næringsutvikling – naturen er vår viktigaste ressurs!
- utvide ungdoms- og studentkorta, og gje by-sykkeltilbod i tettstadene våre
Fordi Venstre er på lag med framtida. Lukka til med dine val, bruk stemmeretten din, gjer eit val for framtida!
Godt val!