Av Trude Risnes, ordførarkandidat, og Bjarte Haugen, 2. kandidat i Sogndal Venstre (innlegget sto først på trykk i Sogn Avis 19. august)
Nye Sogndal må ha gode, varierte bumiljø og bustader, både til eige og utleige. Vi treng mindre einebustader, småhus, leilegheiter og minihus. Det må vere lett å busette seg her!
Venstre vil ha tilgjengeleg tomteareal i alle deler av kommunen og halde fram den igangsette bustadreguleringa i Balestrand og Leikanger. I Balestrand og Fjærland må vi unngå at ein sterk ferie- og fritidsmarknad «fortrengjer» tilbodet til heilårsbuande. I Sogndal må vi hindre hyblifisering. Nye Sogndal må både stimulere og styre bustadpolitikken.
For Venstre er det viktig at arealpolitikken tek omsyn til matjord, biologisk mangfald og klima. Vi vil ha utbygging som heng saman med barnehagar, skular og andre tenestetilbod. Det gjev trygge, sosiale bumiljø og gjer det enklare å sykle, gå og ta buss til våre ulike kvardagsgjeremål. Venstre vil utnytte areala godt og tenkje nytt rundt bygningar og område som allereie er utbygde.
Samstundes må fortetting og endring i arealbruk vareta og bruke eksisterande bu- og bygningsmiljø. Høgblokker og små leilegheiter i er ikkje den einaste løysinga. Rimelege, funksjonelle minihus, utnytting av tufter i klyngjetun og tidlegare driftsbygningar gjev også moglegheiter.
Venstre vil stimulere til bruk av tre som byggemateriale og grøn ressurs. Vi vil at Nye Sogndal skal tenke nytt, ta omsyn til byggeskikk og prioritere bukvalitet.
Sist, men ikkje minst vil Venstre at fleire kan gå frå leige til eige, og at kommunen aktivt legg til rette for at fleire kan bu lengst mogeleg i eigen bustad, i lokalmiljø dei kjenner. Men kommunen utviklar ikkje bustadtilbodet åleine. Nye Sogndal skal vere ein føreseieleg samarbeidspartnar for grunneigarar og private utbyggarar. Ein kommune til å stole på.
Det er saman vi byggjer den nye kommunen!