Verda står ovanfor ei klimakrise, og alle tiltak Kvinnherad kommune gjer er med på å dra lasset i riktig retning. Kvinnherad Venstre ønskjer at innbyggjarane våre har eit medvite tankesett kring klimaet og miljøet i vår vakre kommune. For å oppnå dette må Kvinnherad kommune gå føre som eit godt eksempel. Vi må ta del i det grøne skiftet, kutte i forbruk og ta vare på den urørte naturen og det biologiske mangfaldet i dei fantastiske kulturlandskapa vi har i kommunen.
Kvinnherad Venstre ønskjer:
- Nei til vindkraft i Kvinnherad
- Ny klima- og miljøplan
- Hurtigladestasjonar i fleire bygder
- Leggja til rette for ei meir miljøvenleg/berekraftig drift av oppdrettsanlegga. Viktig at nye tiltak vert gjort i samarbeid med næringa og forskingsmiljøa
- Oppgradering og modernisering av eksisterande kraftanlegg
- Ja til elvekultivering for å sikra lokal aure- og laksebestand
- Ta vare på det biologiske mangfaldet ved t.d. å sikra bier, blomstereng, planting av rette planter på t.d busskura i kommunen og redusere sprøyting
- Få til kommunalt intitativ for å få ryddeaksjonar for å fjerne plast og avfall – i samråd med frivillige lag og organisasjonar
- Friområde i dei fleste bygder, sikra allmenn ferdsel og tilgang til strand og skog/fjell
- Sikra og opparbeida turvegar og stiar i fjellet og i nærområde
- Støtta tiltak for å gjera kunstgrasbanane i kommunen miljøvenlege ved m.a. utskifting av granulat
- Gjera kulturminne og turmål synlege med skilting og informasjon