– Frå hausten av er det nye kommunestyrer og nytt fylkesting og frå 2020 har vi ei ny stor kommune med nokre viktige randkommuner. No må vi nytte tida godt og kome i lag for å finne felles moglegheiter, seier Ålesund Venstres Ordførarkandidat Kari Grindvik, som samam med bl.a. Fylkesordførarkandidat Pål Farstad har teke initiativ og samla saman eit spanande knippe innleiarar til felles møte komande mandag. Stortingsrepresentant og medlem av Næringskomiteen, Andre Skjelstad har og meldt sin ankomst. Så her blir heile demokratilinja representert.
Smarte, grøne og på lag med framtida
-Vi må finne saman rundt dei smarte gode løysingane, på tvers av kommunar, på tvers av innbyggjar, og på tvers av politikarane. Difor tek vi no dette inititativet til eit felles ope møte mellom Ålesund; Sula, Giske og Sykkylven og håpar på godt oppmøte.
Spanande innleiarar har takka ja
Vi er stolte over å ha fått på plass gode og relevante innleiarer. Møteleiar er Jon Jarlsson Grimstad.
Vi har spesielt invitert alle ordførarkandidatane i Ålesund og sjølvsagt lokallaga våre. Utanom det så er det fritt fram for alle å kome.
Her er programmet:
1. Korleis held vi på ungdommane våre i regionen etter endt utdanning? Kva skal til og kva kan vi gjere? Vi har sendt utfordringa vidare til Fride Sortehaug, ei som kom heim, til å gje oss nokre innspel på nettopp desse spørsmåla.
2. Framtida kan bli både smart og grøn om vi bruker verktøykassa vår rett.
Simuleringsmiljøet på Campus Ålesund får ei nøkkelrolle i smart by- og regionutviklingsprogrammet som Nye Ålesund, Sula og Giske har vorte teken opp i. Her skal vi simulere og visualisere trafikkavvikling, vannforsyning og straumforbruk på heilt nye måtar.
Her har vi utfordra SmartCity v/ NMK
Joel Mills, CEO, Offshore, vil vise oss teknologiske vyar og visualiseringsvektyet sine moglegheiter
Jan Børre Rydningen, leiar Digicat – Norsk Katapult deler sine tankar om potensialet til utvikling av ny verdiskaping.
3. Lokal og regionalutvikling slik Venstre ser det.
Kva utfordringar ser vi og ikkje minst korleis kan vi utvikle nye smarte prosjekt med forankring i målet om berekraft : økonomisk, sosialt og ressurseffektivt
Kari Grindvik, ordførarkandidat Ålesund Venstre
Pål Farstad, fylkesordførarkandidat Møre & Romsdal Venstre
Andre N. Skjelstad, stortingsrepresentant Venstre
Arrangør: Venstrelaga i Ålesund, Giske, Sula og Sykkylven