Kvinnherad er ein langstrakt kommune og det gjer utfordringar innan samferdsle, både innad og ut frå kommunen. Vi treng eit betre busstilbod på kveldstid på strekkene Husnes – Utåker og Husnes – Halsnøy. Vi treng betre fergemateriell i sambanda våre, og vi treng kortare reiseveg mot Bergen og Haugesund/Stavanger.
Kvinnherad Venstre ynskjer:
- fergefri tilknytning til E39/Sunnfast.
- ferge frå Sunde til Jektevik fram til Sunnfast er realisert.
- samanhengande gang- og sykkelsti i heile kommunen.
- å betra snøggbåtstilbodet mot Bergen.
- eit prøveprosjekt med nullutslepps-snøggbåt mellom Kvinnherad og Os.
- Å auke busstilboda i kommunen, gjerne med bestillingsruter som eit prøveprosjekt.
- utbetre vegstandarden på dei kommunale vegane. T.d på Ølve, Varaldsøy, Halsnøy, Matre og Åkra.
- Trafikksikringstiltak i heile kommunen med særskilt fokus på trygge skulevegar for borna våre.
- snarleg realisering av Fjelbergsambandet.
- realisering av «Kvinnheradspakken», samt planlegging og oppstart av «Kvinnheradspakken 2».
- Å arbeide vidare med Sunnhordlandsdiagonalen som arm mellom E39 og E134.