Men kva skal me gjera med problema?

Lesarinnlegg i Bygdanytt 16. august 2019.

I sumar har dei fleste parti vore synlege i Bygdanytt og andre plasser. Det er bra og det er viktig at veljarane veit kva partia står for og kva dei har tenkt å gjera om dei kjem i posisjon etter valet niande september.

I si orientering til Formannskapet i vår informerte Rådmannen dei folkevalde om at me risikerer å måtte kutte over 30 millionar i kommunebudsjettet når det skal handsamast i november og desember 2019. 30 millionar! Me kutta fem millionar sist vinter og og måtte leggje ned ei avdeling på Osterøytunet. Det bleiknar i samanlikning. Alle sakene me berga i det budsjettet kjem i spel igjen, dei fleste av dei vert pølser i slaktetida.

Osterøy Venstre seier det me har sagt heile tida; dette går ikkje lengre. Den økonomiske krisa er så påtrengande at me må gjere noko drastisk og det einaste verkeleg drastiske verkemiddelet me veit om er å slå oss saman med Bergen.

Dei andre partia? Lars Fjeldstad frå Senterpartiet og Ellinor Birkeland frå FrP skriv i Bygdanytt at dette bør gå, men seier ikkje eit ord om kva grep dei meiner må takast for å løyse utfordringane. Det einaste Frp har vore klare og tydelege på at dei vil gjera er å fjerne eigedomskatten slik at me får 35 og ikkje 30 millionar å kutte til vinteren. Me er alle einige om at eigedomsskatten er for høg, men me kan ikkje late som om me ikkje treng pengane. I mellomtida har eg registrert at Arbeiderpartiet vil vaske legoklossar, Høgre ikkje synest bompenger er så ille og Krf-ordføraren lurer på om han jobb til hausten – det er deira bidrag i debatten? Dei har rett og slett ikkje tatt inn over seg at me har ein kommune med krise i økonomien, krise i tenestenivået og tillitskrise mellom innbyggjarar, administrasjon og folkevalde.

Osterøy Venstre har trua på Osterøy og på ostringane. Det er godt driv i lag og organisasjonar, me har eit fantastisk næringsliv, me har masse folk som vil noko og gjer noko i alle bygder over heile øya. Denne krafta er ikkje noko som kjem gjennom kommunale vedtak i rådhuset i Lonevåg. Denne krafta ligg i ostringen, og vil halda fram, heilt uavhengig av administrative grenser i fjorden.

Me ventar mange fagre løfter frå politikarar på Osterøy dei komande vekene. Då skal ostringane tenke seg nøye om. Snakkar dei om elefanten i rommet, den vanskelege økonomiske situasjonen? Eller skal dei bruke meir pengar me ikkje har?

Bjørn Tore Sund

Leiar, Osterøy Venstre