Kandidatpresentasjon: Vidar

Vidar står som nr. 3 på Osterøy Venstre si valliste.

Kven er du?

Vidar Pedersen, opphavleg sørlending som gjorde vestlending av seg for over 30 år sidan. Eg har budd på Valestrand dei siste 20 åra og budde der også ein periode tidleg på 90-talet. I alle desse åra har eg pendla til jobb i Bergen sentrum, der eg arbeider som avdelingsdirektør med ansvar for internasjonalt utdanningssamarbeid. Dei siste fire åra har eg vore varamedlem til heradsstyret og fast medlem i Osterøy kommune sitt råd for menneske med nedsett funksjonsevne.

 

Kva er du opptatt av?

Som pendlar gjennom meir enn 20 år har eg tilbrakt tallause timar på bussen mellom Valestrand og Bergen, og er derfor naturleg nok opptatt av eit godt kollektivtilbod. Fleire og fleire ostringar pendlar ut av kommunen til jobb og skule, og det er viktig å arbeide for fleire og raskare ruter til Bergen sentrum og Arna. Sjølv om dette er eit fylkeskommunalt ansvar, må kommunen vere ein viktig pådrivar. Vidare er det viktig at vi lukkast med å integrere flyktningar og innvandrarar godt. Dette er menneske som har mykje å tilføre Osterøy-samfunnet, men da må vi leggje til rette for dei og ikkje minst sjå dei og møte dei med eit ope sinn. Dette er eit ansvar for kvar einskild av oss.

Kvifor stiller du på Venstre si liste?

Venstre er partiet som set mennesket i sentrum. Den sosialliberale ideologien baserer seg på fridom for den einskilde, men denne fridomen må utøvast med ansvar for fellesskapen; berre slik kan vi skape eit godt samfunn. Venstre søkjer politiske løysingar til det beste for samfunnet og den einskilde. På Osterøy seier vi eit tydeleg ja til kommunesamanslåing nettopp fordi vi meiner det vil gjere Osterøy til ein betre plass å bu for alle. Venstre vil alltid setje menneska føre systemet, og held vi fram som no, er det dei svakaste som må betale prisen i form av manglande eller dårlege kommunale tenester.

Her finn du resten av Osterøy Venstre si liste.

Her finn du Osterøy Venstre sitt valprogram.

Godt val!