Helsetenester for heile livet

Kvinnherad Venstre ynskjer eit godt helsetilbod for alle innbyggjarane våre som gjev ei god folkehelse. Og eit av dei viktigaste tiltaka for det er førebyggjing. Kan vi leggje tilrette for at innbyggjarane har ei god folkehelse kan det være med på å senke sjukefråværet i bedrifter. Det gjer at eldre kan klare seg sjølv lenger og slepp å hamne på instutisjon. Det kan gjere at vi får fanga opp ungdom som nærmar seg skråplanet, og hjelpe dei vidare i livet.

Kvinnherad Venstre arbeider for:
● Gode tenester og førebygging er grunnlaget for eit godt helsetilbod i kommunen gjennom heile livet
● Ta i bruk velferdsteknologi som alarmar, smart-tun, sensorar
● Arbeida for realisering av seniorsenter på Husnes
● Tilretteleggja for seniortun i sentrale bygder med nær avstand til butikk og andre servicefunksjonar
● Halda fram arbeidet med å rusta opp aldersheimane til kompetansesenter for rehabilitering, demensomsorg
● Finna teneleg organisering ved bruk av samhandligsavdelingar som «lokalsjukehus»
● Auka dagtilbodet på aldersinstusjonane,
● Sikra og styrka drifta til Frivilligssentralen
● Vera opne for å ta i mot flyktningar
● Styrke helsestasjonane og skulehelsetenestene

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**