Ein god skule for alle!

Vi ønskjer ein god skule i Kvinnherad. Ein skule det elevane kjenner seg trygge og får den hjelpa dei treng for å bli best mogleg rusta for framtida. For at dette skal være mogleg vil vi samarbeide med einingsleiarar, tilsette og andre faginstansar for å få eit best mogleg resultat.

Kvinnherad Venstre ønskjer:
• å vere ein ansvarleg skuleeigar ved å få på plass ein langsiktig skulebruksplan i samarbeid med skulane for å auke kvaliteten for både tilsette og elevar.
• leggje til rette for at dei tilsette skal kunne få fagleg påfyll og etterutdanning.
• å arbeide for symjeopplæring i barnehagane.
• å leggje til rette for ein fast årleg skidag
• vidareføre og styrke dei førebyggjande tiltaka som er retta mot born og unge for å hindre utanforskap og fråfall i skulen og fremje inkludering m.a ved hjelp av Utekontakten, SLT-koordinator, ungdomslosane, ungdomskontakten i Politiet og dei tilsette ved Kvinnherad Ungdomsenter.
• auke antal læreplassar.
• finne gode lokaler til Vaksenopplæringa.
• støtte opp om Kvinnherad vidaregåande skule og sikre utdanningstilboda der.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**