Valdres Venstre sparkar i gang valkampen med lappar og samtale om nasjonalparkar, utmark og forvaltning av fjellområda!
Tid og stad: Fjellstølen v/Bitibua (5 km nord for Beitostølen, vis-a-vis R51), måndag 19. august klokka 10-12.
Program:
- Vern og bruk av nasjonalparkane ved leiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, stortingsrepresentant Ketil Kjenseth (20 min)
- Felles fjell – felles forvalting? Nettverk for fjellgrenser v/Ole Morten Fossli, og med kommentarar frå 1. kandidat for Venstre i Nord-Aurdal Knut Aastad Bråten (20 min)
- «Motorferdsel i ein app». Om utvikling av ein fellesapp for forvalting av motorferdsel v/nasjonalparkforvaltar Ulf Ullring (20 min)
Etter innleiingane blir det anledning til å stille spørsmål. Alice Gudheim – 2. kandidat for Venstre i Øystre Slidre og drivar av Bitibua serverer lappar og kaffi.
Ta med varm jakke og sitjeunderlag!
Vel møtt!
Beste helsing
Valdres Venstre
v/Ingjerd Thon Hagaseth, Alice Gudheim og Gustav Fystro