Nynorsken i fokus under Venstre-vitjing i Aasen-tunet

frå venstre: Tone Slenes - dagleg leiar Ivar Aasen-tunet, Per Magnus F. Sandmark - direktør Nynorsk kultursentrum, Britt Giske Andersen - 2. kandidat for Møre og Romsdal Venstre, Pål Farstad - fylkesordførarkandidat for Møre og Romsdal Venstre, Terje Brevik - stortingsrepr. og nestleiar i Venstre, Brynhild Lund Notøy - 2. kandidat for Volda Venstre, Hallvard Bjørneset - ordførarkandidat for Volda Venstre og Gunnar Knutsen - ordførarkandidat for Ørsta Venstre. , Volda Venstre

Nynorsken var tema då stortingsrepresentant og nestleiar i Venstre, Terje Brevik, saman med Venstre-toppar frå Møre og Romsdal fylke, Ørsta og Volda var samla på Ivar Aasen-tunet i dag.

Direktør ved Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Sandmark, og Tone Slenes, dagleg leiar ved Aasen-tunet, orienterte Venstre-politikarane om oppgåver og drift, utvikling og utfordringar. Sandmark viste mellom anna til at det både i Ørsta- og Volda-skulen vert brukt digitale læremiddel og verktøy på bokmål og engelsk i staden for nynorsk. Dette kan gjere det vanskelegare for elevane å bli trygge og gode i eige språk.

Sandmark tok også opp korleis ein kan sikre gode rammevilkår for Dei nynorske festspela. Kommunane Ørsta og Volda løyver kvar 75.000 kr årleg til dette arrangementet. Til samanlikning løyver Nesset kommune 90.000 kr og Molde kommune 560.000 kr til Bjørnsonfestivalen. Og Ulvik kommune løyver heile 1 mill. kroner for kvar festival ved Olav H. Hauge-senteret.

Dersom kommunane ynskjer det ved å legge til rette for investeringar og prosjekt, hevda direktør Sandmark at Nynorsk kultursentrum kan bygge eit sterkt humanistisk/samfunnsfagleg fagmiljø i Ørsta/Volda-regionen gjennom samarbeid med Sunnmøre museum og Høgskulen i Volda.

Også Møre og Romsdal fylke og staten sine roller for å styrke nynorsken i framtida, vart drøfta under samlinga på Aasen-tunet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**