– Balestrand, Leikanger og Sogndal er gode lokalsamfunn å vekse opp i, men også me har utfordringar med barnefattigdom og utanforskap. Difor må me jobba for å jamna ut sosiale, økonomiske og helsemessige skilnader i nye Sogndal. Eitt tiltak me vil jobba for er gratis barnehagetilbod og SFO for låginntektsfamiliar, seier Are Kvistad, 5. kandidat på Venstre-lista i nye Sogndal.
– Gratis SFO er programfesta i nye Sogndal Venstre, og er også forankra i regjeringserklæringa, sier Kvistad.
I regjeringserklæringa står det: «… Innføre ordninger med redusert foreldrebetaling og gratis opphold på SFO/AKS etter skoletid for barn av foreldre med lav inntekt. Styrke kvaliteten i SFO/AKS gjennom utarbeidelse av en nasjonal rammeplan, som også gir rom for lokale variasjoner.»
Frå 1. august har 46.500 barn rett på gratis kjernetid i barnehage. No vil Venstre fortsette oppvekstløftet.
– Me vil innføre ordningar i heile Noreg med redusert foreldrebetaling og gratis opphald på SFO og AKS etter skoletid. I første omgang for born med foreldre som har låg inntekt. Da videreførar me ei ordning som fungerer svært godt i barnehagen, sier stortingsrepresentant Guri Melby i Venstre.
SFO skal ikkje vere ei utvidning av av den obligatoriske skoledagen, men eit frivilleg supplement til skulen på line med andre fritidsaktivitetar.
– Alle born bør få mulighet til å delta på SFO. Venstre vil difor at SFO skal vere gratis for låginntektsfamilier. Dette jobbar vi hardt med å få til i arbeidet med statsbudsjettet, seier Melby.
Fakta om SFO og AKS
• I 2018 gjekk 60,5 prosent av barn mellom 6-9 år på SFO eller AKS. For førsteklassingar er talet 82 prosent.
• Sentio research (Fagforbundet): August2019: 74 prosent meiner skulefritidsordninga bør vere gratis. (Kjelde: Dagsavisen 7.8.2019).
• Samtidig som dei fleste born i aldersgruppa brukar SFO/AKS-tilbodet kvar dag etter skulen, finnst ingen nasjonale føringar for kva SFO skal innehalde, eller kva det skal koste.
• Nasjonal evaluering av SFO på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet: Store skilander mellom SFO-ar, både på pris og innhald. Foreldrebetalinga kan vere eit hinder for at dei med aller lågast inntekt kan delta i SFO.