Politisk program for Vestnes Venstre 2019-2023

Ein god skule

Vestnes Venstre vil arbeide for:

  • En ny felles ungdomsskule – i eit eige bygg .
  • Å oppretthalde strukturen og talet på skular slik vi har det i dag med ei minimumsgrense på 30 elever.
  • Å styrke helsesøstertenesta i skulen.
  • Å satse på læraren og kompetanseheving

Barnehage

Vestnes Venstre vil arbeide for:

  • Full barnehagedekning
  • Høg kvalitet på det pedagogiske arbeidet.
  • At ordninga med løpande opptak vinter og haust blir vidareført.

Helse, rekreasjon og alderdom

Vestnes Venstre vil arbeide for:

  • At det nye helsehuset vårt skal gje positive ringverknader innan helsesektoren i kommunen.
  • At det vert tatt i bruk meir velferdsteknologi i helsesektoren i kommunen.
  • Å styrke heimehjelps- og heimesjukepleieordninga.
  • Å støtte ulike trivselsskapande og helsefremjande tiltak.
  • Å styrke dagsentertilbodet, med særskilt fokus på avlastning for heimebuande med demens.
  • Tilrettelegging for mindre bueiningar med fellesareal for eldre.
  • Å støtte opp om tiltak som gir turglede, fysisk aktivitet og naturopplevingar.
  • Å styrke tiltak som verkar positivt inn på rusførebygging og psykisk helse.
  • Ei best mogleg legevaktordning for kommunen sine innbyggarar.
  • Gode rammevilkår for private initiativ i helse og omsorgssektoren.

Smferdsel og trygge vegar

Vestnes Venstre vil arbeide for:

  • At Romsdalsaksen og ei moderne framtidsretta ferjedrift blir utgreidd og vurdert som framtidig fjordkryssingskonsept på lik linje med Møreaksen.
  • At ny vegtrase frå Vik mot Ålesund skal stå ferdig om Møreaksen vert realisert.
  • Å få ferjeavgangar som korresponderer betre med flyrutene på Årø enn i dag.
  • Å styrke kollektivtrafikken og gjere kommunikasjonen betre både innanfor kommunen og til våre nabokommunar.
  • Godt vedlikehald av dei kommunale vegane og påverke vedlikehalde av fylkesvegane i kommunen.
  • Å styrke budsjettet til trafikktryggingstiltak m.a. veglys og bygging av gang- og sykkelvegar.
  • At krabbefelt på begge sider av Ørskogfjellet må byggast snarast mogleg.

Næring

Vestnes Venstre vil arbeide for:

  • Å stø opp om eksisterande bedrifter i kommunen vår og skape gode rammevilkår for gründerar og nye næringar.
  • Å styrke reiselivet generelt, og spesielt det nære og naturbaserte
  • God tilgang på utbyggingsklare næringstomter.

Kultursatsing

Vestnes Venstre vil arbeide for:

  • Å støtte positive aktivitetar både for barn, ungdom og eldre.
  • Aktiv bruk av Frivilligsentralen.
  • Å støtte opp om eit framtidsretta og aktivt bibliotek.
  • Å få gode, sentrumsnære lokalar for kulturskulen.
  • Å støtte opp om bygging og vedlikehald av idretts- og nærmiljøanlegg.

Natur og miljø

Vestnes Venstre vil arbeide for:

  • At Vestnes kommune skal ta miljøomsyn i alle vedtak som gjeld drift, vedlikehald og investeringar.
  • Økt fokus på fjerning av ulovleg deponert avfall i kommunen.
  • Å forvalte verne- og friluftsområda våre, slik at kvaliteten vert bevart og dei blir ei kjelde til gode opplevingar.
  • Å få kontroll på gummigranulat på avvege i tråd med sentrale miljøkrav
  • Å nå målsetninga om reint hav

Integrering

Vestnes Venstre vil arbeide for:

  • Å oppretthalde den gode kvaliteten på norskundervisninga i kommunen.
  • Å ta ansvar for å busette flyktningar i tråd med statlege signal og kommunal kapasitet.

Busetnad

Vestnes Venstre vil arbeide for:

  • Å gjere Vestnes til den mest attraktive bukommunen
  • Å legge til rette for bulyst for alle og få utflytta ungdom til å vende heim att.
  • Utvikling av Myraområdet til framtidig sentrumsnært bustadområde
  • At det er attraktive, byggeklare tomter i alle bygdelag.
  • Tilrettelegging for aktive bygdelag og eit framtidsretta sentrum.

Økonomi

Vestnes Venstre vil arbeide for:

  • Å medverke til at kommuneøkonomien skal vere robust for å møte framtidige utfordringar.
  • Å halde dagens nivå på eigedomsskatten som ei maksgrense og på sikt finne alternativ til eigedomsskatten.

Kommunereform

Venstre meiner at:

  • Vestnes kommune på sikt kan få utfordringar med å stå aleine og at vi må fortsette arbeidet framover med å finne gode løysingar med potensielle andre kommunar.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**