Vallista 2023-2027

Synnøve Handeland har representert Kvinnherad Venstre i kommunestyret i perioden 2019-2023. For perioden 2023-2027 har Kent Are Kjørsvik Petterson takka ja til å stille som Kvinnherad Venstres ordførarkandidat. Han vil stå som einaste kumulerte på lista til Kvinnherad Venstre, men han har med seg eit flott lag av gode Venstrefolk.

Kvinnherad Venstre har fått til ei god spreiing både med tanke på geografi, kjønn og alder. Lista inneheld ein god miks av nye og gamle namn.

Ei viktig sak for Venstre er frivilligheit, og vi har lukkast med å knytte til oss personar som i det daglege legg ned ein solid innsats innan dugnadsbasert kulturutvikling – både innan korpsmusikk, symjing, skiidrett, handball, aktive i turlag, Mental Helse, Gurine og mykje anna!

Andre viktige saker Kvinnherad Venstre kjem til å arbeide med;

  • Næringsutvikling: leggje til rette for nyetableringar og grüderar og betre tilhøva til eksisterande næring.
  • Motverke barnefattigdom: der ein må kartleggje utfordringane og utarbeide tiltak som kan vere med på å løyse desse.
  • Samferdsle: presse på regjeringa for å få realisert Sunnfast, ferdigstille Fjelbergsambandet og Kvinnheradspakken, samt planleggje Kvinnheradpakken 2 slik at det kommunale/fylkeskommunale vegnettet vert oppgradert i heile kommunen.
  • Skule: Vi må lage ein skulekvardag som er motiverande for både lærarar og elevar, som bidreg til meistring og læreglede. Vi må ha ein skule som ser den einskilde elev, og som legg opp til at denne kan utvikle seg til å bli den beste versjone av seg sjølv.
  • Folkehelse: Vi vil kjempe for at vi har gode førebyggjande tiltak klare til innbyggjarane våre når dei har behov. God folkehelse er både god fysisk helse og psykisk helse, og dette er ei viktig sak for oss i Venstre.

 

Vallista 2023-2027

  1. Kent Are Kjørsvik Petterson – 5452 Sandvoll (f.1983). Kumulert.
  2. Beate Hannisdal, 5464 Dimmelsvik (f.1966)
  3. Daniel Handeland, 5451 Valen (f.2002)
  4. Maren Elise Skogseth, 5460 Husnes (f. 1967)
  5. Tomas Berius, 5470 Rosendal (f.1967
  6. Olina Hannisdal Guddal, 5464 Dimmelsvik (f.1999)
  7. Ragnhild Handeland – 5451 Valen. (f.1996)
  8. Thomas Alexander Ørbeck, Husnes (f.1977)
  9. Heidi Irene Kjørsvik Petterson – 5450 Sunde. (f.1964)
  10. Kjell Yri – 5463 Uskedalen. (f.1955)
  11. Thomas Guddal, 5450 Sunde (f.1987)
  12. Laila Øvstebø – 5452 Sandvoll. (f.1982)
  13. Hogne Kvistad Gjuvsland, 5460 Husnes (f. 1976)
  14. Oddvar Larsen, 5451 Valen (f.1955)
  15. Marianne Lund Andersen – 5460 Husnes. (f. 1958)
  16. Jan Eilef Ingebretsen, 5460 Husnes (f.1957)
  17. Kristian Olav Bringedal -5463 Uskedalen. (f.1951)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**