Ingen born skal måtte vekse opp i eit utrygt miljø eller ha ei kjensle av å vere utanfor. Difor må vi ta tak saman for å gjere oppveksten litt enklare for dei som har det vanskelegast.
Sjølv om også livet som vaksen kan vere tøft av og til, så har vi i alle høve muligheita til påverke våre eigne liv. Vi kan bestemme kvar vi vil jobbe, kvar vi vil bu, kva vener vi vil henge med, og vi kan oppsøke hjelp når vi treng det. Barn har ofte ikkje høve til å ta desse vala sjølve. Dei er avhengige av vala til foreldra og andre vaksenpersonar rundt seg. Difor er det eit viktig ansvar både for politikarar og for kvar og ein av oss, å sørge for å gi dei borna som har det vanskelegast ein sjanse til å lykkast, og til å ta litt kontroll over sitt eige liv.
Venstre vil skape eit samfunn der alle born vert sett og får lov til å vere seg sjølve. Det vil vi mellom anna gjere gjennom å styrkje den tidlege innsatsen, slik at vi kan hjelpe born som har det vanskeleg før dei fell utanfor. Vi ynskjer også å gjere barnehage og SFO gratis for dei familiane som har dårlegast råd, for å hindre at enkelte born vert haldne utanfor på grunn av foreldra sin økonomi. På same måte ynskjer vi også å innføre ei ordning med aktivitetskort for born og unge, som kan nyttast til å betale for fritidsaktivitetar som dei vel heilt sjølve.
Samstundes er det viktig å hugse på at det å sikre ein trygg og god oppvekst ikkje berre er ei politikaroppgåve. Dei små og store utfordringane som borna våre nokre gongar står i, skjer på det aller mest lokale nivå, i våre eigne nabolag, heilt inn i heimane våre. Det betyr for eksempel om kven som vert invitert til barnebursdagen og kven som ikkje blir det. Det betyr også noko for veldig mange born at vi vaksne stiller opp som frivillige handballtrenarar, fotballtrenarar, turntrenarar, kakebakarar og anna dugnad for å sikre at det finst gode idretts- og kulturaktivitetar som barn kan ta del i.
Gunnar Knutsen
Ørsta Venstre