Kjære veljar.
Bjørnafjorden Venstre sine 31 kandidater på lista til kommunevalet 2019 er no klare for å gjera Bjørnafjorden til ein endå betre kommune å bu i. Ein kommune som gir omsorg når du treng det, er ein go d stad å veksa opp, og legg til rette for nyskaping, nye arbeidsplassar og grøn vekst.
Venstre tenkjer langsiktig og bur seg til dei store endringane vi veit kjem i fram- tida. Vi vil ta vare på Bjørnafjorden sin eigenart og samstundes vere opne og inkluderande. Det viktigaste er å verna luft, jord og vatn. Det alle må ha. Det vi skal gje vidare til nye generasjonar.
I programmet finn du eit utval av saker som vi arbeider for å få til. Bjørnafjorden Venstre er eit sosialliberalt parti som set folk først og tar ansvar. Vårt mål er å gjera Bjørnafjorden til ein enda betre kommune for både dei som bur her og dei som besøkjer oss.
Hjelp oss med det! – Godt val!