8. kandidat Åshild Hestvik Grytten

Foto: Privat

Vår kandidat nr 8 er Åshild Hestvik Grytten frå Kvammen. Ho er barne- og ungdomsarbeidar og har arbeidd i barnehage i Askvoll kommune i mange år. Siste året har ho jobba på Holmedal Montessorriskule. Åshild er gift og har tre born i alderen 4, 8 og 11 år. Åshild er ei engasjert dame som vi er glade for å ha fått med i Venstre. Her kan du lese om nokre av sakene ho brenn for:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

  • Vi må ha nok grunnbemanning i barnehagane gjennom heile dagen.
  • Gode helsetilbod for alle
  • Meir fokus på familie og pårørande ved langvarig/kronisk sjukdom
  • Rassikring av FV 609.
  • Utbygging av fiber til alle bygdene/utkantar.
  • Vi må ha fokus på attraktive tomter og rask saksgang.
  • Oppfylling av bu og driveplikt.
  • Og sjølvsagt reine fjordar!
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**