No i sommar ligg oppstart av kommunedelplan for Sambandet Vest ut til offentleg høyring og ettersyn med frist 2. september for merknader, og dei to sentrale dokumenta er:
- Planprogrammet, med forslag til korleis planen skal utarbeidast.
- Silingsrapport Sambandet Vest, der ulike alternative vegtrasear vert
Saka er og handsa ma i plan- og miljøutvalet i Lindås kommune og i formannskapa i Meland og Radøy kommune. Med unnatak av det uavhengige medlemmet Andreas Dyngen har alle medlemmene i plan- og miljøutvalet i Lindås røysta for å prioritera dette planarbeidet. Basert på silingsprosessen er 5 alternativa: Aa3, Aa4, Ca1 og Ca2 tilrådd som alternative løysingar for Sambandet vest for vidare utgreiingar. For alternativ Aa3 og Aa4 skal det i tillegg vurderast tre ulike variantar forbi Vikebø/Rossland ref. avsnitt 6.1.2.
Alver Venstre har no programfastsett at partiet går i mot dette gigantprosjektet. Me meiner det vil kunna føre til stor øydelegging av viktig kystnatur og kystlandskap både i Radøy, Meland og på Askøy, og at dette veg- og bruprosjektet i tillegg vil kunne påføra innbyggjarane i Alver kommune store kostnader relatert til bompengar og gjennom eventuell og pårekneleg kommunal medfinansiering. Sjølve planarbeidet har så langt kosta over 3 millioner kroner, og vil koma til å koste fleire millionar kroner til, og vil i laaang… tid kreva viktig kapasitet av både administrasjon og politisk leiing.
Alver Venstre meiner at prosjektet Sambandet Vest ikkje er i samsvar med viktige målsettingar om å få til ei berekraftig utvikling, både fordi prosjektet vil auka behovet for biltransport i Nordhordland og fordi veganlegget (med fleire bruer) vil gå gjennom mange viktige og sårbare kystmiljø, både ved Bognøy/ Havrøy/ Landsvikosen, samt ved Io/ Eikeland og over den flotte Ypsøya, med den fantastiske Kystgarden (som etter mi vurdering vil verta sterk forringa om vegprosjektet vert gjennomført). Innbyggjarar på Vikebø vil og få mange utfordringar knytt til vegen, knytt til støy og nærframføring forbi både bustader og hytter.
To av alternativa som planprogrammet har foreslått legg opp til ny kjempebru (lenger enn Hardangerbrua…) rett nord for bustadfeltet i Dalemarka og rett over til nordsida av Askevatnet på Askøy ved Hanevik, i nedslagsfeltet til den framtidige hovudvasskjelda til Askøy kommune, noko som ikkje er kommentert i planprogrammet…
Til dykk som les dette, Alver Venstre er for alle gode samferdselsprosjekt, men ikkje dårlege…, og meiner at dei prosjekta som ligg inne i eksisterande Nordhordlandspakke er viktige og må byggjast. I tillegg vil me arbeide for at Romarheimstunnelen E39 (Eikefet – Romarheimsdalen) vert prioritert i ny nasjonal transportplan og at dette ikkje skal ha noko bompengefinasiering, men berre statlege midlar.
Alver Venstre meiner vidare at hovudmålet slik fleirtalet har bestemt for planarbeidet for Samband Vest er lite gjennomtenkt. Her står det:
Sambandet Vest skal binde saman Askøy og Nordhordland for å leggje til rette for næringsutvikling og busetnad, samt styrkje transportberedskap på det regionale hovudvegnettet.
At Alver kommune i ei svært travel tid må bruka masse planmidlar (fleire millionar) og planressurar i form av konsulentar og administrative og politiske ressursar på eit totalt uviktig samferdselsprosjekt, for å binda oss saman med Askøy over Ypsøy, meiner Alver Venstre er både trist og leit. Det vitnar om både dårleg politisk dømekraft, samt alt for sterk grad av flokktenking i det politiske miljøet i Alver, og er etter mi vurdering ein dokumentasjon på manglande vilje til setja natur, miljø og landskapsverdiar fremst i biosfæreområdet Nordhordland.
Alver Venstre ber alle innbyggjarar som bryr seg om kystlandskapet i Alver om å engasjere seg mot planane om Sambandet Vest, før det er for seint, og oppmodar dykk til å protestere innan fristen som er sett til 2. september.
Sveinung Toft
- kandidat Alver Venstre