MÅLA TIL GOL VENSTRE:
Eit inkluderande samfunn, med opne armar og stort hjarterom!
Der det er plass til alle og alle kjenner seg verdifulle.
Eit nyskapande Gol –samfunn: Ein kommune i utvikling!
Solid økonomi, folketalsvekst, rimelege bustader i sentrum.
Fridom, kunnskap og framtid for dei unge!
Barn og ungdom skal ha gode og trygge oppvekstvilkår, gode
skule og fritidstilbod.
Eit klimavennleg samfunn: Tenk alltid på miljøet!
Vi vil skape eit Gol samfunn som er framtidsretta og berekraftig. Energiøkonomisering og miljøtenking må være grunnleggjande i all politikk.
Velferd når du treng det!
Det skal vera godt og trygt å leva og bli gamal i Gol.
Eit kreativt, berekraftig og verdiskapande næringsliv.
Eit livskraftig næringsliv må heile tida få høve til utvikling og nyskaping, basert på berekraftige forutsetningar. Gol som reisemål må vidareutviklast og profilerast.
Gol kommune – ein grøn kommune i utvikling
Venstre vil arbeide for klimavenlege løysingar i Gol kommune når det gjeld bygningar og transport. Kommunen skal vere eit føredøme når det gjeld å ta i bruk ny teknologi. Vi vil prioritere sentrumsnær busetting og utvikling av sentrumsområdet og Hallingmo. Venstre vil at Gol sentrum skal være eit trafikksikkert og triveleg område for folk som bur her og som besøker oss.
Venstre vil ta vare på natur og kulturlandskapet både i dalen og på fjellet og sikre urørte skog- og fjellområdar. Venstre går inn for å avgrense hyttebygging i kommande planperiode til felt og tomter, som i dag ligg inne i gjeldande plan. Den gjeldande kommuneplanen bør gjennomgåast med tanke på gamle hytteplanar som ikkje lenger tilfredsstiller dagens krav. I fjellområdane skal det ikkje vedtakast nye planer. Det er viktig å verne urørte utmarksområdar. Eidsvalløyne skal vera friområde som i dag.
Venstre vil:
- Utvikle Gol Sentrum, med bustader, arbeidsplassar og detaljhandel.
- Skape eit fint sentrum for gåande og syklistar, med gode oppmerka gang- og sykkelfelt.
- Det bør utarbeidast ein strategisk parkeringsplan for Gol sentrum.
- Bidra til å vidareutvikle dei nye næringsområda ved avkøyringa på Storøyne.
- Fullføre gangveg langs RV7 til Svenkerud og langs RV52 mot Øygardane.
- Vidareutvikle Hallingmoprosjektet og knyte kunnskapsbasert næringsutvikling til Hallingmo.
- Kommunen sine bilar og andre fartøy skal ha elektrisk drift.
- Kulturminneplanen må vedtakast og følges opp.
- Ta vare på Renslotunet og Kristenbråten.
- Ta i bruk grøne, berekraftige energikjelder som solceller, bioenergi, varmebrønnar og fjernvarmeanlegg ved nybygg og rehabilitering.
- Vidareutvikle Gol stasjon som kollektivknutepunkt.
- Arbeide videre for realisering av Vegpakke Hallingdal (= vegen Ørgenvika – Gol).
- Arbeide for å realisere ny veg Rv 52 Gol-Robru.
- Arbeide for Ringeriksbanen.
- Gol Venstre er for kommunesamanslåing i Hallingdal.
Kunnskap, leik, idrett og kultur
Barn og unge sine oppvekstvilkår er viktige for at folk skal finne seg til rette og slå seg ned i Gol. Barnehagen skal drivast med utdanna barnehagelærarar. Skulen må ha gode rammer og vilkår. Det er viktig å støtte og stimulere kultur og idrett i alle dei former dette tar i regi av frivillige lag og organisasjonar, frå folkedans til motorsport.
Venstre vil:
- Styrke arbeide mot mobbing i skulen ved å doble stillingsprosenten til sosiallærar.
- Alle barn i grunnskulealder skal kunne få eitt gratis gruppetilbod i kulturskulen.
- Gol Skule skal være ‘dysleksivennleg skule’.
- Styrke praktisk-estetiske fag i grunnskulen.
- Styrke språk- og kulturopplæringa i barnehagen.
- Auke kvaliteten i skulen. Det må leggast til rette så lærarane kan ta etter- og vidareutdanning
- Sikre gode rammevilkår for Gol vidaregåande skule.
- Støtte Ung invest-AiB.
- Arbeide for å realisere tilbod om høgskuleutdanning i dalen i samarbeid med aktuelle høgskular.
- Støtte arbeidet med Campus Hallingdal
- Oppruste Samfunnshuset til ein attraktiv møteplass.
- Styrke og utvikle biblioteket.
- Styrke frivillige lag og organisasjonar gjennom tilrettelegging og stimulering.
- Ungdomsklubb bør flyttes til sentrum.
Helse, omsorg, menneskeverd
Folk skal heile livet ha høve til å trivast og kunne utfalde seg. Det må vera eit variert arbeidsliv og høve til fritidsaktivitetar i Gol .
Livskvalitet er å kunne ta eigne val og leva og bu i heimen sin så lenge ein kan. Ei godt fungerande heimeteneste er heilt naudsynt.
Det må settast i gang prosessen for å bygge ny sjukeheim. For å kunne møte dagens og framtidige krav til gode omsorgstenester til bl.a. demensomsorg på en god og effektiv måte, er det nødvendig at det byggas ein ny sjukeheim. Samt etablering av korttidsplassar og avlastnings/rehabiliteringsavdeling. Det må satsast meir på kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi.
Det må utarbeidast ein plan for framtidig bruk av noverande Gol Helsetun.
Kommunen skal ta imot flyktningar og legge til rette for god integrering.
Frivillige lag og organisasjonar er viktige for at folk som flyttar til Gol skal bli kjent og trivast i vårt lokalsamfunn.
Venstre vil:
- Bygge ein ny sjukeheim.
- Ta i bruk meir moderne velferdsteknologi.
- Styrke demensomsorga gjennom kommunale og interkommunale tiltak.
- Utvide dagsentertilbodet for fleire brukarar både gjennom auka kommunal finansiering og auka bruk av frivillige.
- Styrke og utvikle Frisklivsarbeidet.
- Vidareutvikle og styrke heimetenestene.
- Byggje omsorgsbustader/bufellesskap/butilbod for folk med særlege behov.
- Styrke psykisk helsevern. Mellom anna ved å støtte Kafe Makalaus og andre aktivitetstilbod.
- Bedra koordinering og samarbeid mellom helse- og omsorgsteneste og frivillig arbeid.
- Avsette årleg kr.100.000 til integreringstiltak i regi av frivillige lag og organisasjonar.
Eit kreativt og verdiskapande samfunn
Eit levande lokalt næringsliv er drivkrafta i lokalsamfunnet. Det gir arbeid til folk og inntekter til kommunen. Ein sterk kommuneøkonomi er grunnlag for utvikling og vekst, god tenesteproduksjon og sosial tryggleik. I møte med gründerar og nyetablerarar skal kommunen sine folk vera positive og løysingsorienterte og hjelpe til gjennom god samhandling. Eit livskraftig landbruk er ein av bærebjelkane i bygdesamfunnet og eit vilkår for eit levande kulturlandskap og viktig for turisme.
Landbruket skal sikrast gode rammevilkår gjennom sikring av dyrka mark og dyrkbar jord. Kulturlandskapet og LNF områda skal sikrast ved revidering av kommuneplanen. Gol Venstre vil gjennom fylkesparti og stortingsgruppe arbeide for at landbruket blir gitt gode økonomiske rammevilkår.
Venstre vil:
- Arbeide aktivt for at Gol og Hallingdal skal bli sett og høyrt i Fylket.
- Arbeide for profilering og marknadsføring av Gol og Hallingdal.
- Arbeide for å etablere nye statlege arbeidsplassar i Hallingdal.
- Sikre eksisterande bedrifter gode rammevilkår.
- At det skal vere attraktivt å etablere seg i Gol
- Ta initiativ til samarbeidsarena mellom kommunen og frivillige organisasjonar.
- Utvikle nærmare samarbeid med nabokommunane i Valdres.
- Legge til rette for, og støtte opp under privat initiativ til etablering av ein gjenbruksstasjon
Venstre sine kandidatar i Gol
- Jan Kattenberg (f 1961), kum
- Helge Feet (f 1955), kum.
- Ingrid Svellingen (f 1953)
- Jan-Erik Lie (f 1991)
- Marie Louise Ekutshu Mole (f 1965)
- Nephtali Omba Bachiza (f 1993)
- Alexandr Taktayev (f 1971)
- Dag Bjørnar Stemsverk (f 1954)
- Erlend Grubben (f 1981)
Gol venstre sine representantar skal vera rause, ærlege, engasjerte, ansvarlege, framsynte og tolerante i sitt politiske arbeid….
Våre viktigaste kampsaker:
- Styrke kvaliteten på omsorgstenestene
- bygge ny sjukeheim
- Styrke demensomsorga
- Styrke psykisk helsevern
- Etablere korttidsavdeling for avlastning/rehabilitering
- Bustader for vanskeligstilte
- Ta vare på natur og kulturlandskapet både i dalen og på fjellet og sikre urørte skog- og fjellområde. Ingen nye hyttefelt på fjellet.
- Skape et inkluderande lokalsamfunn der det er lett for alle å delta i aktivitetar.
- Tilskot til integrerings- og miljøtiltak
- Gratis gruppetilbod i kulturskulen
- Utvikle Gol sentrum med bustader, arbeidsplassar og detaljhandel
- Vidareutvikle sentrum med Smedvegen og lage gode parkeringsløysingar og prioritert trafikkflyt for gåande og syklistar. Bedra merking av fartsbegrensninger i sentrum..
- Vidareutvikle Hallingmo området