I byrjinga av juni inviterte Valdres Næringshage saman med Destinasjon Valdres og Sparebank 1 Hallingdal Valdres lokalpolitikarar og andre til næringsdag med temaa næringsutvikling og berekraft, teknologi og befolkningsutvikling. Seminaret gav dei frammøtte anledning til å fordjupe seg i utfordringane: Kva skal vi leve av i framtida? Korleis kan vi styrke nI byrjinga av juni inviterte Valdres Næringshage saman med Destinasjon Valdres og Sparebank 1 Hallingdal Valdres lokalpolitikarar og andre til næringsdag med temaa næringsutvikling og berekraft, teknologi og befolkningsutvikling. Seminaret gav dei frammøtte anledning til å fordjupe seg i utfordringane: Kva skal vi leve av i framtida? Korleis kan vi styrke næringslivet i regionen? Og kva gjer vi for å snu befolkningsnedgangen?
Det siste fyrst: Ei av dei største utfordringane i kommunane er knytte til befolkningsutvikling. Talet på busette i Valdres går ned, samstundes som talet på deltidsinnbyggjarar – dei som bur på hyttene – går opp. Det enkle svaret på utfordringa er openbert: Valdres treng fleire fødslar, fleire ungar, fleire tilflyttingar og færre utflyttingar. Å snu befolkningsnedgangen er likevel ikkje enkelt.
Bygde-Noreg overlever ikkje på busettingsprogram og vakker natur åleine, men på sterke band mellom dei som bur der. Folketalsnedgangen på bygdene er ikkje utslag av politikken åleine, men av kulturar, verdiar og haldningar hjå dei som bur der. Dette veit vi: Venskap og nære relasjonar er avgjerande for at folk skal bli verande. Vener er som lymfesystema i liva våre. Vi pliktar å gi dei som kjem, ein sjanse til å bli gjennom å invitere dei inn i nettverka våre.
Haldningar er ikkje berre ord, men uttrykk for ein klart definert politikk. Sjølv saknar vi at regionen set tydelege, definerte mål. Korleis kan vi skape den beste helseomsorga i landet? Korleis kan vi bli best på trivsel i skulen? Kva skal til for å gjere den offentlege skulen i Valdres til den beste i landet? Høge ambisjonar er ikkje tal på eit rekneark, men haldningar hjå kvar einskild. Storleiken på kommunen eller kor i landet vi bur, er heller ikkje avgjerande for kvaliteten på tenestetilbodet, men av målsettingane og visjonane, haldningane og verdiane hjå dei som er sette til å utføre jobbane, av deg og meg.
Innanfor kva område vil vi oppleve vekst og utvikling, spør arrangørane. Valdres-samfunnet må vere realistisk med omsyn til kva næring vi i framtida skal leve av. Personleg trur vi veksten vil kome innanfor dei sektorane vi alt er gode på, og som sysselset mange – det vil seie innanfor reiseliv, landbruk og hyttebygging. Men også for desse områda vil det vere ei utfordring å finne ein god balanse mellom vekst og vern, kvalitet og berekraft.
Det grøne skiftet stiller oss overfor nye krav – både i privat og offentleg sektor. Skogen ventar på innovasjon og nytenking, og at vi utviklar forretningsidear som kan skape ny vekst. Korleis kan Valdres vere leiande i landet i denne omstillingsprosessen?
Utvikling og innovasjon skjer ikkje isolert, men i samhandling med mange sektorar, med ulike miljø. Valdres-kommunane må involvere næringslivet i utviklinga av kommunen i større grad, til dømes i byutviklingsprogram, eller i breitt samansette utval. Det er aldri dumt å vite om kvarandre, snakke meir saman. Næringsutvikling går hand i hand med arealplanlegging i kommunen, og innanfor rammene av eit tydeleg og føreseieleg planverk. Då må vi ha robuste plankontor med tilstrekkeleg energi til å ta imot dei som ynskjer å utvikle noko i kommunen.
Korleis kan ny teknologi skape føresetnadar for vekst i Valdres? Dette er eit krevjande spørsmål. Vi er inga teknologiorakel, men faktum er at teknologien vil revolusjonere arbeidet innanfor alle samfunnsområde – frå helsesektor til landbruk. Då må vi bli gode på digital kompetanse tidleg gjennom tilrettelegging i skulen.
«Det er ingen ting i vegen for å etablere eit utviklingssentrum for ny teknologi i Valdres», seier Philip Andreas Aspholt-Weisser i WeissTech. Han er IT-utviklar i helsesektoren og oppmodar oss til å utvikle teknologi på dei områda der vi er gode, det vil seie innanfor helse, landbruk og reiseliv.
Frå 2020 er Innlandet den nye regionen vår. Korleis kan Valdres ta plass i den nye regionen, korleis skal Valdres ta del?
På den eine sida skal fylkeskommunen levere tenester slik dei alltid har gjort, innanfor tannhelse og samferdsel, utdanning og kulturminnevern, og meir til. På den andre sida har regionreforma som mål å flytte makt og statlege oppgåver. Vi er usikre på om visjonane i regjeringa treffer Valdres-samfunnet godt nok – om dei statlege oppgåvene kjem hit. Førebels er det dei store byane i Innlandet – Gjøvik, Lillehammer, Elverum og Hamar – som fordeler goda mellom seg. Men sjølv om funksjonar og oppgåver let vente på seg: Fylkeskommunen er ein sterk utviklingsaktør. Kva kan vi utvikle i Valdres?
Valdres kan stimulere til utvikling basert på ny teknologi innanfor miljø og fornybar energi. Valdres kan stimulere til meir vekst gjennom å styrke arbeidet med næringshagar og næringsklynger. Valdres kan legge til rette for meir bruk av tre i offentleg sektor, i bustadbygging, til dømes. Valdres kan opprette og utvikle eit nasjonalt kompetansesenter for fjellandbruk, men òg for treforedling. Valdres kan oppfordre til samarbeid mellom vidaregåande skuler, universitet, næringsliv, og slik styrke kunnskapsgrunnmuren endå meir. Oppland har flest freda kulturminne i landet. Valdres har kompetansemiljø til å ta ei leiande rolle nasjonalt i dette arbeidet
Utvikling gror godt der optimismen og gode utviklingskulturar rår.
Utvikling skjer der vegen er kort mellom idé og handling.
Utvikling gror i miljø der lokale eldsjeler får folde seg ut.
Utvikling blir til fordi nokon grip moglegheitene som byr seg.
Vil du vere med?
Valdres Venstre
v/Knut Aastad Bråten, Eivind Brenna, Ingjerd Thon Hagaseth, Gustav Fystro, Ole Aastad Bråten, Alice Gudheim og Svein Erik Lunde