PROGRAM FOR MASFJORDEN VENSTRE
Kommunevalet 2019 – hovudsaker
Masfjorden Venstre vil:
- Prioritera læring og trivsel for born og unge
- Legga til rette for skaparkraft og gode næringsmiljø
- Gjera grøne val til beste for folk og miljø
- Ta sosialt ansvar, satsa på førebygging og tidleg innsats
- Stimulera til kulturtilbod for trivsel og utvikling
- Arbeida for demokrati og medverknad
Venstre vil:
- Setja enkeltmennesket i sentrum og arbeida for at alle skal få nytta evnene sine til beste for seg sjølv og samfunnet.
- satsa på infrastruktur, næringsutvikling, oppvekst, miljø og kultur for på den måten å legga til rette for ei positiv folketalsutvikling
- vera positiv til alle tiltak som kan vidareutvikla dei gode lokalsamfunna me har. Eit godt utvikla tenestetilbod er avgjerande for at både noverande og nye innbyggjarar skal trivast.
Prioritere læring og trivsel for born og unge
Masfjorden er ein av dei aller beste kommunane i landet når det gjeld grunnskulepoeng, altså karakterar i 10. klasse. Me har ein god skule! Venstre er villig til å bruka pengar på at det framleis skal vera slik. Kommunen må framleis satsa på vidareutdanning av lærarar.
Symjeopplæring må starta i barnehagen.
Me har også gode barnehagar der me har satsa på rett og god kompetanse. Utan barnehage og skule vil lokalsamfunnet rakna. Difor er det viktig å bruka pengar på oppvekst.
Dersom spørsmålet om skulestruktur kjem opp på nytt, må kommunestyret nøye vurdera fordeler og ulemper med noverande og ny struktur og sjå på kva ein sit att med i kvar krins dersom ungdomsskulen blir sentralisert. Ein må ikkje berre vera oppteken av reisetid og økonomi.
Stimulera skaparkrafta og legga til rette for utvikling
Betre kommunikasjonar er nødvendig for innbyggjarar og næringsliv. Først av alt kjem brua. Venstre vil halda fram arbeidet for å få utbetra fv 570. I all kommunal planlegging må me legga til rette for mjuke trafikantar. Kommunen må vera villig til å forskottera gang- og sykkelveg til nye bustadområde som ligg i gangavstand til skule og barnehage.
I denne perioden har det vore satsa mykje på breiband og betre mobildekning. Arbeidet må halda fram til alle har tilfredsstillande dekning.
Masfjorden treng fleire og meir varierte arbeidsplassar. Næringsutvikling som skaper nye arbeidsplassar og sikrar dei eksisterande er viktig for å skapa folketalsvekst. Vår plassering «i sentrum» i det nye Vestland fylke må kunne brukast til auka aktivitet
Det skapande mennesket må ivaretakast og alt frå tidlege år heiast fram. Gründeropplæring må bli fast i ungdomsskulen.
Venstre vil støtta opp under enkeltpersonar som vil satsa på næringsutvikling eller busetja seg her.
Venstre vil difor arbeida for å sikra meir tilgjengeleg næringsareal i dei delene av kommunen som manglar slikt. Samfunnsnytten må gå føre private interesser.
Venstre meiner kommunen må ta ei større rolle som tilretteleggar og støttespelar for dei som vil satsa. Betre rådgjeving til småbedrifter kan vera viktig. Kommunalt planarbeid må legga vekt på fleksibilitet og vilje til å få ting til.
Kommunen må spela ei meir aktiv rolle når det gjeld å legga til rette for bustadbygging. Det må arbeidast aktivt for å få til ei fortetting i krinssentra.
Stimulera til kulturtilbod for trivsel og utvikling
Eit godt kulturtilbod fører til levande lokalsamfunn og er viktig for folkehelsa. Venstre er stolte av det me i samarbeid mellom kommune og det frivillige lagslivet har klart å få til. Me har ein av dei beste kulturskulane i landet, ein idrettsskule som betyr mykje for fysisk fostring, eit godt og aktivt bibliotektilbod og museumssamlingar som er viktige for identiteten.
Venstre vil
- Heia på og støtta dei som vil engasjera seg i kulturarbeid
- Gje kulturskulen rammer som gjer det mogeleg å halda oppe aktivitet som i dag
- Gje idrettsskulen rammer som gjer det mogeleg å halda oppe aktivitet som i dag
- Gje biblioteket gode rammer
- Halda oppe aktiviteten i museumssamlingane
- Støtta tiltak som kombinerer kultur og næring
- Bruka spelemidlar til å bygga turvegar som kan nyttast av alle aldersgrupper
- Ta opp att arbeidet med å få ein fleirbrukshall i kommunen
- Ha støtteordningar som gjer det mogeleg også for born frå familiar med låg inntekt å delta på idrettsskule og kulturskule
- Legga til rette for fleire lokale kulturverkstader der folk kjem saman med handtverk, lærar av kvarandre og på tvers av generasjonar.
- Bruka kulturvernplanen aktivt, til beste for eigarane og innbyggarane
- Stimulera til samarbeid mellom grendene
Ta sosialt ansvar, satse på førebygging og tidleg innsats
Kommunen vår har ei svært god eldreomsorg, bygd opp gjennom mange år. Utfordringa blir å halda oppe dei gode tenestene framover. Venstre vil arbeida for å
- Ha rett kompetanse på rett plass.
- Bruka pengar på å skaffa oss den kompetansen me treng
- Bygga ut open omsorg.
- Ivareta brukarar og pårørande.
- Ha aktivitetstilbod knytt til enkeltmenneske, gjerne gjennom dagtilbod på ulike arenaer.
- Ha enkeltmennesket i fokus med sineressursar.
- Bruka folkehelsemidlar til ulike førebyggande aktivitetstilbod
- Få til samarbeid om helsetenester med Gulen
Gjera grøne val til beste for folk og miljø
Naturen er ein viktig ressurs i kommunen vår. Kommunen og innbyggjarane har saman eit ansvar for miljøet vårt. Alle må ta eit tak for eit grønare miljø der gode løysingar må delast.
Venstre vil:
- Ta vare på naturen vår og friluftsområda våre for dagens og neste generasjonar. Difor seier me nei til vindmøller og fleire kraftliner i fjella våre.
- At kommunen tek i bruk miljøvenlege løysingar der ein sparer energi og reduserer belastninga på klimaet
- Stilla tydelege miljøkrav og samarbeida med næringslivet for å sikra god avfallshandtering
- Arbeida for å ta betre vare på fjorden som ressurs. Sikra fjordane våre mot forureining og verna om fiskebestanden
- Setja strenge krav til oppdrettsnæringa med tanke på lus, rømming og næringslekkasje
- Tilrettelegga areal for oppdrett på land
Arbeida for demokrati og medverknad
Kommunestyret er det øvste politiske organ i kommunen og kan på mange måtar legga premissar for den offentlege debatten på kommunenivå. Venstre ønskjer eit sterkt og engasjert kommunestyre.
Venstre vil:
- Styrka kommunestyret si rolle som arena for politisk debatt
- Strøyma kommunestyremøta slik at innbyggjarane kan følgja med på kva som går føre seg i kommunestyret
- Sikra at Ungdomsrådet fungerer og får viktige saker å arbeida med