Omsorg når du treng det

Foto: Colourbox.com

Det skal vere trygt og godt å bli gammal i kommunen. Ein skal kunne bu heime så lenge som råd er. Det skal leggjast til rette for bygging av eldrebustadar/ bukollektiv med pleie- og omsorgstenester fleire stadar i kommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Vi vil:

  • Sikre ei tilfredsstillande dekning med sjukeheimsplassar i dei to kommunesentera
  • Styrkje barnevernstenestene
  • Samordne og utvikle tenester innen rus og psykiatri
  • Styrkje folkehelsearbeidet
  • At pensjonistforeningane skal vere representerte i eldrerådet
  • Utarbeide kulturkalender for å sikre at menneske i institusjonar og omsorgsbustadar får kulturelle opplevingar
  • Ha lokalt brannvesen og politi og ei eiga legevaktordning
  • Tilby helsetenester der geriatrisk lege, tannlege, ernæringsfysiolog og fysioterapeut er ein sjølvsagt del av oppfølginga av eldre og pleietrengande
  • Leggje til rette for og å bidra med økonomisk stønad til frivillig arbeid innan pleie og omsorg

Mennesket i sentrum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**