Me tek Ål framover
Fridom og moglegheiter for alle er det sosialliberale fundamentet til Venstre. Ideologien ligg i midten av aksen høgre/venstre fordi den legg vekt på størst mogleg fridom og samtidig eit sterkt sosialt ansvar.
Vår fridom må ikkje gå på bekostning av fridomen til våre barn og barnebarn, derfor er kampen for klimaet og naturen den viktigaste fridomskampen.
Klok politikk rundt tema klima og natur, næringsliv og velferd og skule og oppvekst er grunnlaget for å skape ein sterk, livskraftig og raus kommune.
Venstre vil ta vare på naturen og redusere klimagassutsleppa
Kampen for å kutte klimagassutslepp er like viktig lokalt som nasjonalt. Venstre vil gjere det enklare å ta grøne val, slik at lokalsamfunnet vårt aktivt bidreg til at me når måla i Paris-avtalen.
Samarbeid mellom næringsliv, kommune og sivilsamfunn er nødvendig for å finne løysingar som får ned dei lokale utsleppa. Vi må tenke sirkulærøkonomi og bruke eksisterande ressursar betre.
Det viktigaste kommunen kan gjere for å lede an i klimaarbeidet, er å legge til rette for grøn næringsutvikling og ta i bruk det handlingsrommet kommunen har gjennom planarbeidet.
Landbruket er ei viktig næring i Ål. Aktivt landbruk er eit viktig verkemiddel for å sikre trygg matproduksjon, ta vare på kulturlandskapet og bidra til vern av biologisk mangfald.
Venstre vil:
Planarbeid og bygg:
- at FNs berekraftsmål ligg til grunn i all kommunal planlegging og aktivitet.
- stramme inn arealpolitikken for å stoppe nedbygginga av naturen og redusere klimagassutsleppa.
- at det skal løne seg å velgje grønt.
- ha ein total gjennomgang av energieffektivitet, og innføre energisparande tiltak i alle kommunale bygg.
- stille krav om energieffektivitet i kommunen sine nybygg og rehabiliteringsprosjekt.
- vurdere klimagevinsten i rehabilitering framfor rivning i alle kommunale eigendomsprosjekt.
- at kommunale nybygg skal byggjast i materiale med lågast mogeleg miljøbelastning i heile levetida.
- innføre klimabudsjett og klimaregnskap som gjelde alle direkte utslepp i kommunen, ikkje berre kommunale.
- vidareutvikle energitiltaksfondet som gir tilskot til energieffektivisering og klimavennlege løysinga for både private og næringsliv.
Natur:
- føre ein stram dispensasjonspraksis der det dreiar seg om naturareal, og gjennom reguleringsplanarbeid avgrense dei negative effektane hytteutbygging har på naturen.
- sørge for at kunnskapsgrunnlaget er godt ved handsaming av arealplanen gjennom naturkartlegging og innføring av naturbudsjett.
- vurdere tidlegare avsette områder i arealplanen som ikkje er utbygd oppimot oppdatert kunnskapsgrunnlag.
- stoppe nedbygging, og reetablere meir natur.
- stoppe all nedbygging av myr.
Gjenbruk:
- lage ein gjenbruksstrategi i kommunen som prioriterer å velje brukt framfor nytt i alle innkjøp der det er mogeleg.
- legge til rette for låne- og delingsordningar for handverksmaskiner, hageutstyr og liknande etter modell frå BUA-ordninga.
- gjennom aktivt eigarskap i Hallingdal Renovasjon, vidareutvikle avfallshandteringa for å sikre gjenbruk av fleire ressursar, og etablere eit ombruksmottak i samarbeid med t.d. byggnæringa.
- betre gjenbrukskompetansen i byggenæringa gjennom til dømes etter- og vidareutdanning på fagskulenivå.
Miljø:
- bidra til å redusere miljøbelastninga gjennom kommunen sine innkjøp, ved å etterspørje meir miljø- og klimavenlege produkt og tenester.
- kommunane står for ein stor del av innkjøpa i Norge. Ved å stille strenge klima- og miljøkrav i innkjøpa kan me oppnå utsleppskutt og bidra til at grøne produkt og tenester kjem inn på marknaden.
Landbruk:
- styrke beitebruken med tilskot til elektroniske gjerde.
- verne dyrka og dyrkbar jord.
- tilskot til nydyrking.
- fremje beredskap ved å legge tilrette for parselldyrking slik at innbyggjarane kan dyrke grønnsaker, frukt og bær
- legge til rette for foredling og distribusjon av mat, blant anna ved å støtte opp under tiltak som REKO-ring og andre lokale matdistribusjonsordningar.
Venstre heiar på gründerar og småbedrifter
Næringsliv
Skal ein lykkast med å skape eit godt lokalmiljø er det viktig at flest mogleg kan bidra og inkluderast i arbeidslivet og i lokalsamfunnet. Venstre vil at det skal vere enkelt å skape ein arbeidsplass for seg sjølv og andre i Ål. Det skal vere kort veg frå ide til avgjerd, og eldsjeler og gode initiativ må takast vare på.
Næringslivet i framtida er grønt, nyskapande og kreativt. Då treng me ein kommune som gjev god service og legg opp til gode, stabile og langsiktige rammevilkår for næringslivet.
Venstre vil
- ha ein effektiv og konsekvent saksbehandling på søknader frå næringslivet.
- aktivt støtte små og mellomstore bedrifter, entreprenørar og initiativ som ynskjer å gjennomføre grøn omstilling.
- ha ein profil på næringsfondet som prioriterer prosjekt som er grøne og nytenkjande.
- gå i dialog med næringa om korleis det kommunale næringsfondet, og statlege støtteordningar, kan brukast for å stimulere til betre utnytting av restmateriale, enten i nye produkt eller i energiproduksjon.
- støtte opp om lokale kontorlandskap og bygge ut breibanddekninga, slik at fleire kan jobbe desentralisert.
- skape samarbeidsarenaer med kommune, næringslivet og utdanningsinstitusjonane for å sikre rekruttering og relevant opplæring.
- stimulere til at bedrifter og kommunar i Hallingdal går saman om felles utnytting av spisskompetanse, f.eks. trainee- og spesialiststillingar.
- at kommunen tek ei aktiv rolle i å skape tilpassa arbeidsplassar.
- styrke samarbeidet med arbeidslivet og utdanningssektoren for å redusere utanforskap og kompetansegap.
- bidra til at lokale bedrifter får større kunnskap om, og brukar eksisterande finansierings- og støtteordningar som SkatteFUNN og Enova til grøn omstilling.
- auke dei lokale leverandørane sin kunnskap og kompetanse om offentlege innkjøp.
- legge til rette for deltaking frå lokalt næringsliv i kommunale innkjøp ved å dele opp store offentlege innkjøp i mindre kontraktar der det er høveleg.
Venstre vil at alle skal delta i fellesskapet
God velferd sikrar tryggleik, likskap, sosial utjevning og gode levekår. Gode helsetilbod og buforhold, frivillig arbeid, kultur og idrett er viktige faktorar i dette.
Fysisk aktivitet, gode kosthaldsvanar og sosiale nettverk er viktig førebyggjande helsearbeid, samtidig skal alle vere trygge for å få hjelp når dei treng det.
Gode bumiljø og breidt utval av kultur- og idrettsaktivitetar er viktig for å rekruttere og behalde innbyggjarar i Ål. Det lokale idretts- og kulturlivet må sikrast gode vilkår, og det bør leggast til rette for eit mangfald i tilbodet for alle generasjonar.
Trus- og livssynssamfunna er viktige både for enkeltmenneske og for storsamfunnet. For mange menneske utgjer dei viktige fellesskap, og dei skaper tilhøyrsel og identitet. Eit livssynsope samfunn kjem ikkje av seg sjølv, det er noko me aktivt må arbeid for å ivareta.
Frivillig innsats er limet i lokalsamfunnet, og må stimulerast og verdsetjast.
Venstre vil
Helse:
- ha høg fagleg kvalitet på helsetenestene som skal vera lett tilgjengeleg for innbyggjarane.
- samarbeide tett med utdanningsinstitusjonar for å sikre kompetanse på alle nivå i helsesektoren.
- ha gode heimetenester med god tilrettelegging og nødvendige hjelpemiddel.
- nytte velferdsteknologi for enklare kvardagar, betre velferd og større handlefridom.
- pårørande til personar med demens skal ha eit godt tilbod.
- tilsetje fleire lærlingar for å sikre rekruttering av fagarbeidarar.
- styrke koordinerande arbeid for innbyggjarar med samansette helsebehov.
- sikre større brukarstyring ved tilgang til brukarstyrt personleg assistent.
- stimulere til samskaping i omsorgssektoren mellom kommunen, private og frivillige.
- at kommunen skal legge betre til rette for arbeid til menneske med funksjonsvariasjonar.
- at einskildpersonar og familiar som i periodar treng økonomisk hjelp får målretta tiltak til å komme i arbeid og aktivitet.
- sikre god oppfølging av kvinner under graviditet, fødsel og barseltid.
- styrke foreldrenettverksbygging.
- at tilsette i barnehagar og skular har god kunnskap om vold og overgrep.
- bygge opp tilbodet for tidlig innsats til unge som står i fare for å utvikle eit rusproblem.
- god ettervernsordning etter rusbehandling.
Bu – og blilyst i Ål:
- at bustadpolitikk og planlegging tek omsyn til at folk kan leve frie, sosiale og sjølvstendige liv så lenge som mogeleg.
- legge til rette for nyskapande og inkluderande buformer.
- ha tilgjengelege omsorgsbustader i sentrum med større nærleik til velferdstenestene, og lettare tilgang til sosiale arenaer.
- at kommunen har ordningar for å støtte fyrstegongsetablerarar, og tek distriktspolitiske omsyn i behandling av søknadar.
- tilby store tomter i grendene så folk kan etablere «småskalalandbruk».
- styrkje innbyggjarmedverknad ved å etablere «open spørjetime» i Kommunestyret
- styrke barn og unge sin medverknad i framtidige planar
- vidareutvikle samskapingsmodellen for eit enno betre sentrum.
- at garasjetaket ved Kafe Tid skal utviklast til ein grøn oase.
Kultur, idrett og frivilligheit:
- gje born og unge høve til å delta i fritidsaktivitetar uavhengig av familiens økonomi.
- støtte born og unge som utviklar og etablerer eigne arenaer for leik og aktivitet.
- auke tilskotet til frivillige lag og organisasjonar for barn og unge.
- innføre «Kulturkarusellen» i samarbeid mellom kulturskulen og grunnskulen, som sikrar at alle barn i løpet av skuletida blir kjend med tradisjonsmusikk- og dans.
- utvide bruksområda til biblioteket slik at det blir ein sosiale møteplass.
- vidareutvikle BUA.
- prioritere midlar til breidde- og barneidrett for å skape inkluderande idrettsarenaer slik at alle har moglegheit til å delta.
- støtte opp om og bidra til ein dagleg leiar i Ål IL, slik at frivillige ressursar kan frigjerast til å skape aktivitet.
- bruke lokale kunst- og kulturtilbydarar ved lokale arrangement.
- bidra til erfaringsutveksling og koordinering av frivillig arbeid og arrangement i kommunen, for å utnytte ressursane best mogeleg og skape mest mogeleg aktivitet.
- Samarbeide med idretten og anna frivillig arbeid for å skape integrering og mangfald.
- invitere trus- og livssynssamfunna til å være med å byggje samfunn, gjennom å løyse sosiale utfordringar og fremje integrering.
- støtte opp om kulturinitiativ som til dømes Leveld Kunstnartun og Operalåven.
- vidareutvikle og utnytte potensialet i Neschmuseet
Skulane og barnehagane skal fremje læringsglede, stoltheit og nysgjerrigheit
Venstre vil gje born og unge i Ål fridom til å forme si eiga framtid. Vi vil prioritere barnehage og skule slik at både dei vaksne og borna opplever auka motivasjon og meistring. Gjennom kunnskap og tidlig innsats skal styrkane til kvart einskild barn vektleggjast. Vi har tillit til at barnehagelæraren og læraren, gjennom eit styrkebasert tankesett, er den som veit best kva som fremjer læring for den einskilde.
Venstre vil
- alle born i barnehage og skule skal møte fagpersonar med relevant kompetanse gjennom å legge til rette for etter- og vidareutdanning i oppvekstsektoren.
- jobbe for tett samarbeid med utdanningsinstitusjonar for å sikre kompetanse på alle nivå i oppvekstsektoren.
- styrka den tilpassa opplæring, slik at kvar elev får best mogleg oppfølging, læring og opplever meistring.
- styrke støttepersonell i barnehage og skule, slik at elevar med ulike utfordringar får best mogleg tilpassa hjelp. Til dømes tilby kursing og midlertidige opplæringstilbud for ufaglærte i skulen og barnehagen, fram til dei får en formalisert kompetanse.
- implementere styrkebasert tenkesett i barnehage og skule.
- skulen har varierte og oppdaterte læremiddel, og praktisk tilrettelagte arenaer som barn og unge brukar i si opplæring.
- styrke grunnbemanninga og sikre språkressursar i barnehagane.
- styrke spesialpedagogisk kompetanse i barnehage og skule.
- auke den tverrfaglege kompetansen og samarbeidet i skule og barnehage for å møte utfordringar knytt til skulevegring, utfordrande åtferd, mobbing og fråfall.
- opprette ambulerande skulevegringsteam.
- at familiens hus er tettare på skulane.
- styrke «laget rundt barnet og ungdommen» ved å ivareta ansatte i skule og barnehage, ved veiledning og fokus på ledelse på alle nivå.
- sørge for best bruk av tverrfaglig kompetanse i skulen, gjennom gode system og jamnlege evalueringar.
- styrke samarbeidet mellom skule og næringsliv, gjennom blant anna faget entreprenørskap.
- leggje til rette for eit sterkare samarbeid mellom fritidsaktivitetar og skule.
- styrke fokus på lokalkunnskap og lokalkjennskap.
Hallingdal i Buskerud
Mange av oppgåvene vi forvaltar som folkevalde, blir ikkje styrt av kommunestyret, men av ulike interkommunale selskap. Det er eit demokratisk problem. Innanfor mange område har vi små fagmiljø, som slit med rekruttering.
Ål Venstre meiner at Hallingdal ville stått sterkare som ein kommune. Alle kommunane har sine særpreg, og det vil vere ei styrke å vidareutvikle desse i fellesskap til beste for heile Hallingdal.
Venstre vil:
- arbeide for fleire desentraliserte fagskule- og høgskuletilbod i Hallingdal.
- styrke dei vidaregåande skulane i Hallingdal og sørge for gode samarbeidsrutiner med kommunane.
- arbeide for betre kollektivtilbod og prøve ut nye samferdselsløysingar.
- arbeide for Ringeriksbanen og eit betre busstilbod mot Oslo og Drammen.
- at barn som er utset for vold og overgrep skal få lokalt tilbod om tilrettelagte avhøyr, der barna sin sikkerheit og tryggleik er ivareteke.
- vurdere å styrke fagmiljøet for jordmødre i Hallingdal gjennom felles avdeling for «jordmorttenester».
- saman med dei andre Hallingdalskommunane utvikle eit trygt butilbod for unge med samansette psykiske helseutfordringar som ikkje kan bu heime.
- saman med spesialisthelsetenesta og dei andre Hallingdalskommunane utvikle tilbodet «Fact ung» for unge og unge vaksne med samansette psykiske helseutfordringar.
- arbeide for at fleire får tilgang til musea og kulturminna våre gjennom til dømes bruk av interaktive medier.
- arbeide for eit regionalt opplæringstilbod for tradisjonsmusikk og tradisjonsdans.