Ullensvang Venstre, program 2019 – 2023
Venstre er det liberale partiet i Ullensvang. Politikken vår kombinerer personleg fridom med ansvar for fellesskapet og kvarandre. Samanslåinga av Jondal, Odda og Ullensvang gjer at vi står framfor ei spanande tid med bygging av ein ny kommune. Dette er nokre av sakene som Ullensvang Venstre vil arbeide for i komande periode:
Næringsutvikling
Utviklinga av næringslivet må ha stort fokus i den nye kommunen.
- Vi vil ha ein næringsvenleg kommune og støtte opp om arbeidet med klyngebygging innan ulike næringsgreiner som sider, handel, industri, landbruk, kultur og reiseliv.
- Vi vil tilrettelegga nytt næringsareal i ulike delar av kommunen, større næringsareal er mest aktuelt på Liamyrane i Røldal og i Jondal.
- Vi vil ha eit godt samspel mellom kommunen og næringslivet, og innarbeide fullt næringsfokus i heile administrasjonen.
- Vi vil vidareutvikla regionsenteret i Odda og utvikle smelteverkstomta i tråd med reguleringsplanen.
- Vi vil bruka 20 % av kraftinntektene frå heimfall til næringstiltak som infrastruktur reiseliv både sommar og vinter, næringsfond, vekst og strategifond og støtte til arbeidet til næringsorganisasjonane.
- Vi vil tilrettelegga for ein bærekraftig turisttrafikk på Seljestad, Røldal, Dronningsstien, Pilgrimsstien mellom Reisæter og Krossdalen, Trolltunga, Buerdalen og andre områder i kommunen.
- Vi vil tilrettelegga for gondolbane i Odda dersom utbyggingsinteressenter og grunneigarar vert samde.
- Vi vil arbeide for at storindustrien har gode vilkår for fortsatt vekst i Odda.
- Vi vil støtte opp om utvikling av landbruket i kommunen og attåtnæringar på gardane.
- Vi vil arbeide for gratis innlevering av ulovlege/utdaterte sprøytemidlar frå landbruket.
- Vi vil heie fram og støtte gründerar med utvikling av grøn og framtidsretta næring.
- Vi vil støtte at bygder som Jondal og regionsenteret Odda med stor turisttrafikk i deler av året får status som spesiell turiststad.
Lokalsjukehuset i Odda og helsetilbodet
Kompetansen ved lokalsjukehuset i Odda må styrkast. Venstre vil:
- Få nye nisjeområder innan medisin, kirurgi og psykiatri, saman med eit betre tilbod for somatiske tenester.
- Rusomsorga må styrke førebygging og rehabilitering.
- Samarbeidet mellom kommunane i lokalsjukehusområdet og sentrale sjukehus må styrkast.
- Ha eit helsehus der ein samlar alle kommunale helsetenester i Odda sentrum, anten i eige bygg eller som leigetakar i næringsbygg.
- Fortsatt ha gode legetenester i sentrale bygder som Jondal, Lofthus, Røldal og Utne.
- Setja fokus på helsetilbodet og psykiatri retta mot ungdom.
- Ha gode tilbod både innan heimesjukepleie, omsorgsbustader og sjukeheimar i heile kommunen.
Samferdsel og naturskade
Vi må ha trygge og rassikre vegar i kommunen.
- Vi må få rassikre og trygge vegar internt i den nye kommunen: R13 Bratlandsdalen til Bu og vegen mellom Odda og Jondal.
- Vi er mot privatisering av kommunale vegar
- Vi vil styrke vedlikehaldet av kommunale vegar.
- Arbeide for tilrettelegging av sykkelstiar i Odda sentrum og bygdene i kommunen.
- Arbeide for vidare innkortingar og bru på sambandet mot Bergen som på sikt kan gje ei reisetid mellom Odda og Bergen på 1 t 15 min.
- Vi vil styrka båttilbodet mellom Kinsarvik og Utne.
- Arbeide for at Vestlandsbanen over Haukeli blir prioritert lyntogsatsing i landet.
- Arbeide for ytterlegare flaumsikring langs det verna Opo-vassdraget og at det vert utført flaumførebyggande arbeid langs abdre utsette vassdrag i kommunen
Skule- og barnehagetilbodet
Venstre vil arbeide for ein fortsatt god og desentralisert skule i Ullensvang kommune.
- Sikra valfridom for den einskilde i skuleval og linje.
- Skape trygg skulekvardag
- Vidareutvikla Gründer-satsing i skulane.
- Satsa på høgskuletilbodet i Odda og vidareutvikle dette.
- Bygga ny barnehage i Eitrheimsvågen.
- Ha stort fokus på vedlikehald og opprusting av skular og barnehagar for å sikra gode tilhøve både for borna og dei tilsette.
Friluftsliv, idrett og kultur
Gode tilbod er viktige for trivsel og helse for lokalbefolkningen. Venstre vil:
- Behalda dei kommunale bassenga og rusta opp bassenget i Røldal.
- Sikre at alle barn og unge får eit godt svømmetilbod.
- Sikra gode vilkår for kulturskulen.
- Ha årlege midlar til å vidareutvikla og vedlikehalda idrettsanlegga og tiltak for friluftslivet i kommunen.
- Gradvis auke av tilskota til barne- og ungdomsorganisasjonar, idrettslag og ikkje-kommunale kulturanlegg.
- Sikre lag og organisasjonar tenlege lokaler for øving og anna lagsverksemd.
- Sikre god tilgang for stiar og naturopplevingar i bustad- og hytteområder.
Kommuneøkonomi
Ullensvang Venstre vil driva kommunen økonomisk fornuftig. Venstre vil:
- Sikra gode vilkår for den lovpålagte kommunale verksemda.
- Drifta kommunen fornuftig slik at vi får råd til nybygg der det trengst og vedlikehald av det eksisterande.
- Fordela dei årlege kraftinntektene frå heimfall og overskot i driftsrekneskapet med 40 % til vedlikehald, 30 % til investeringar, 20 % til næringsutvikling og 10 % til reservefond.
- Styrka plankapasiteten i kommunen for å få fart på planarbeidet som ligg langt på etterskot og unngå unødvendig bruk av dyre konsulentinnkjøp.
- Redusere den kommunale eigedomsmassen og selge det vi ikkje treng for ei god kommunal drift.
Bustadbygging
Ullensvang Venstre vil tilrettelegga for vidare bustadbygging i kommunen.
- Bygge rasvollar for å kome i gang med utbygging av sentrumsnære bustadar på Freim.
- Tilrettelegga gjennom arealplan for einebustader og leilighetsbygg rundt grendene i kommunen der det er skule- og barnehagetilbod.
- Gjennom arealplanen vi opne for spreidd bustadbygging i LNF-områder for å gjera det lettare for dei som ønsker å bygga i tilknytning til eksisterande gardsbruk/bustader.
Miljø/klima
Ullensvang Venstre vil arbeide for ein grønare Ullensvang kommune som også tar vare på natur og artsmangfald. Venstre vil:
- Arbeide for statleg støtte til miljøretta tiltak i den lokale storindustrien.
- Arbeide for at Hardangerfjorden vert ein av fjordane som oppfordrar til grøn cruisetrafikk.
- Arbeide for strengare miljøkrav til oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden, og at ein eventuell vekst i næringa skal skje i lukka oppdrettsanlegg.
- Støtta lokale organisasjonar /lag som prøver å hindre tap av bilologisk mangfald.
- Forvalta kommunen sine interesser på Hardangervidda slik at villreinen får best mogleg livsvilkår.
- Få den kommunale bilparken over på el-bilar og hydrogenbilar.
- Jobbe for hydrogenproduksjon og stasjon ved trafikk-knutepunktet på Liamyrane