«Dersom ein kommune – enten gjennom folkerøysting og/eller kommunestyrevedtak – seier nei til planlagde lokale vindkraft-anlegg, vil Venstre respektere dette.»
Hallvard Bjørneset som er Venstre sin ordførarkandidat i Volda, er heilt klar på at staten ikkje skal gripe inn og gi konsesjon til vindkraft-utbygging når lokale vedtak har sagt nei.
Diskusjonen om vindmøller i Norge har blussa opp att i samband med at NVE har lagt fram eit forslag til nasjonal ramme for vindkraft. Motstanden mot utbygging av vindturbinar på Frøya og i Gulen har også fått stor medie-merksemd.
«Når det gjeld Frøya og Gulen, er desse to konkrete sakene ulike. I Gulen har kommunestyret sagt klart nei til vindkraftanlegg på det over 600 meter høge Dalsbotnfjellet. NVE gav i 2013 utbyggarane konsesjon. Dette vedtaket vart anka, og er no til handsaming hos Olje- og energidepartementet. Eg meiner vedtaket i Gulen kommunestyre må leggast til grunn, og anken må takast til følgje,» meiner Bjørneset.
«På Frøya vart det alt i 2005 halde ei rådgivande folkerøysting om vindkraftplanane på øya. Fleirtalet sa ja, og i 2012 gav NVE konsesjon til Trønderenergi på 60 MW vindkraft på Frøya,» fortel Bjørneset og legg til at avgjerda vart påklaga, men at den raudrøne regjeringa med Ola Borten Mo (Sp) som olje- og energiminister, gav endeleg konsesjon året etter.
«Tilfellet Frøya viser kor vanskeleg det er å reversere endeleg gjevne konsesjonar. Og eg er tilfreds med at dagens regjering har vore varsame med å tildele kontroversielle vindkraft-konsesjonar», fastslår Bjørneset.
«Venstre vil ta vare på sårbar natur og prioritere klassisk naturvern. Norge har potensiale for å bli verdsleiande på hav-vind. Det er også mogeleg å auke den årlege vasskraft-produksjonen med nærare 30 TWh gjennom opprutning og betre utnytting av norske kraftverk. Men skal vi få fortgang i denne moderniseringa, må skattereglane vurderast på nytt – noko eg håper Venstre kan vere med på.»
Bjørneset reknar det som lite truleg at det vil dukke opp søknader om vindkraft-utbygging i Volda kommune.
«Eg har store vanskar med å sjå føre meg 160 meter høge vindturbinar i den lokale fjellheimen vår. Eventuelle prosjekt i Volda kommune vil nok ikkje få mi og Venstre si støtte i kommunestyret,» avsluttar Bjørneset.