SELJORD VENSTRE 2019-2023
Grøn veg vidare for Seljord
Seljord Venstre er eit sosialliberalt parti som byggjer på personleg fridom og felles ansvar.
Alle, kvar på sin stad og med sine førestnader, har ansvar for vegen vidare, lokalt og globalt!
Den fridommen eg krev for meg sjølv, må eg også gi medmenneska mine.
Samfunnsansvar har vi alle; og vi vil gi mest til den som treng det best.
Venstre er ubundne av klasser og grupper; vi ynskjer å løyse oppgåvene ved samarbeid.
Eit positivt særtrekk ved Seljord er at vi løyser fellesoppgåver ved at innbyggjarane, næringslivet og kommunen spelar på lag. Eit godt døme på eit vellykka samarbeid er det nye og etterlengta bibilioteket.
Politikk er kunsten å finne fram til mogelege løysingar ved å søkje støtte og samarbeid, kompromiss,
iblant også med parti ein er usamd med.
Seljord Venstre vil at fleire skal slå seg til i Seljord. Derfor ynskjer vi:
– etablering av servicetorg der nykommarar kan ynskjast velkomne med smil og pratisk rettleiing
– tilrettelegging for gründerar
– fleire høgkompetente arbeidsplassar
– bustadfelt der det er teke omsyn både til barn og gamle
– skule med høg lærarkompetanse på alle steg frå 1. til 10. klasse
– skulen skal fremje personleg vekst – det krev at alle må trivast, bli sett og tatt omsyn til
– støtte krav om parallellklasser i samsvar med gjeldande mållov
– gi lærarane stor fridom i val av undervisningsmetodar, t.d. heimelekser
– barnehage: betre tilpassa opphaldstid for borna etter foreldra sine ynske
– støtte planen om å opprette landslinje for mat og restaurantfag på Vest-Telemark vg, avd Seljord
– vidare utbygging av tenester for sjuke og gamle
– betre offentleg transport
Seljord som miljøfyrtårn
Klimaendringane og tap av biologisk mangfald blir synlegare for kvart år, dei uheldige verknadene med ureining av jord, luft, vatn og miljøet ikring oss, krev mottiltak:
– flaumsikring i små og store vatn og vassdrag
– rassikring langs utsette vegar og bustadområde
– vern av jord, opplæring og rådgiving i regenerativt jordbruk, kompostering o.l.
– miljøvennleg arealutnytting
– utsleppsnøytrale offentlege bygg
– rådgiving til private som ynskjer å bygge klimanøytralt
– reduserte byggjesaksgebyr for passivhus og plusshus
Folkehelsearbeid
Folkehelse er eit overordna begrep, og tiltaka gjeld alt som kan fremje helse og førebygge sjukdom i samfunnet vårt, både fysisk og psykisk. Kommunen kan på ulikt vis styrke folkehelsa:
Fysisk aktivitet
er viktig for alle, og kan drivast på alle nivå, i friluft eller innomhus, einskildvis og i grupper
– tilrettelagt for barnehage og skule, institusjonar og treningssenter
– organisert av friviljuge lag og organisasjonar
– samarbeid mellom kommune og lag om eit nett av stigar, turvegar, gang- og sykkelvegar
Psykisk helse
blir best saman med andre, med felles opplevingar innafor kunst og kultur, arbeid og fest.
Det er viktig at kommuen kan samarbeide med friviljuge lag og organisasjonar for å fremje fellesskap og integrering for alle som bur her.
Me nemner i fleng: kulturskule, songkor, korps, idrettslag, leik og dans, turgrupper, rideskular osv
Det kommunale tilbodet innanfor psykisk helse må styrkast for alle aldersgrupper.
Sunt kosthald
Gode matvanar blir danna tidleg og er viktig for helsa. Derfor vil Seljord Venstre at både barnehagen og skulen skal ha eitt måltid dagleg der frukt og grønt inngår, gratis eller til sjølvkost. Eldreinstitusjonane må igjen få sitt eige kjøkken med sunn, velsmakande mat.
Høgaktuelle saker for Seljord Venstre
Seljord kommune slit med økonomien, og nedgang i folketalet, som dessutan får ei stadig verre fordeling mellom gruppene barn-ung-vaksen-gammal. Seljord Venstre vil motvirke dette ved:
– å få fleire i arbeid, vekk frå isolasjon og utanforskap
– målretta arbeid for å få flyktningar i jobb
– å stimulere næringsverksemder til å ta imot lærlingar
– medverke til å etablere ungdomsverksemder
– ufaglærde kan under fagleg leiing gjere nødvendig vedlikehald av bygg og anlegg
– det trengst eit større utval av tomter
– kommunen må leggje til rette for/bistå grunneigarar slik at det blir lettare å selje tomter
– leggje til rette for sal av småbruk
– støtte spesielle føretak som inspirerer og set farge på bygda innanfor ulike område
– gjere Seljord kommune fri for eingongsplast
– obligatorisk innlevering/innsamling av jordbruksplast
– opprydding av plast og anna søppel langs vatn, bekker og elvar, vegar og stigar
«Saman er ein mindre aleine» – og saman kan vi gjere kvarandre gode
Seljord Venstre ynskjer tettare samarbeid og gjerne samanslåing med nabokommunar.
I større grad enn før er Seljord kommune knytt til Midt-Telemark, om ein likar det eller ikkje.
Seljord Venstre er ikkje redd for vidare samarbeid mot Bø og Midt-Telemark, fordi:
– større felles arbeidsmarknad
– deltaking i ny vekst og utvikling
– breiare kultur og fritidstilbod
– betre tilgang til kompetanse og nødvendige tenester
– betre tilgang til sjukeheimsplassar
– god kommunikasjon med bil og buss
– næring og aktivitet rundt Seljordsvatnet er samlande faktor
– Seljord har mykje å bidra med som kan skape gjensidige fordelar og auka
attraktivitet i Midt-Telemark-regionen
– Seljord er ein ynskt samarbeidspartnar
VALET ER DITT