Osterøy frå 1999 til 2019

Vi deler her eit Facebook-innlegg frå vår førstekandidat Vevatne.

Osterøy skal – etter planen i alle fall – snart i gang med ny kommuneplan for Osterøy. Det vil vise seg om der er kapasitet til dette, men uansett; eg har byrja å tenke på denne planen. Kart under viser folketal i kretsane ; 1999 til venstre, og 2019 til høgre.

Det som slår meg er:
  • Folketalet er utruleg stabilt over heile øya, sjølv i dei mindre krinsane. Dette er gledeleg! Heile øya er i bruk. Unntaket er Tysse som har hatt ganske markant nedgang i folketal. Denne kretsen er annleis enn alle andre kretsar på Osterøy.
  • Nesten heile folkeveksten på Osterøy har komme i områdesenteret Valestrand-Hauge.
Og når det gjeld områdesentra, så tenker eg dette:

Fotlandsvåg:

Er stabil i folketalet, og det gjeld også «nabovågen» Hosanger. Det må vere eit mål at folketalet skal auke meir enn dette! Veldig viktig å opprettehalde skule her, men også barnehage. Imponert over alle dei gode kreftene på denne sida av øya. No vert det starta planlegging av nye bustader i Fotlandsvåg, ein plan for industriområdet kjem på høyring, småbåthamna vert flytta nærare sentrum, og Liv og Lyst har greid å ta skikkelig sats. Flott med initiativ, drivkraft og stå-på vilje. Viktig at kommunen speler på lag. Eg trur at Fotlandsvåg (og Hosanger) har lyse framtidsutsikter.

Stikkord: reiseliv, attraksjon, oppleving, nærmiljø, “smaken av Osterøy”, industrimiljø, potensial

Lonevåg:

Kommunesenter har slitt i motvind om eg får lov å vere så direkte. Hovedauken i folketalet ligg i Gjerstad krins (i hovudsak Rymleheia). Det kan skuldast at Lonevåg ligg utanfor hovudtyngdepunkta av innbyggarar, og har ein tunnel som ein fysisk barriere -både mot vest og nord. Når det er sagt; å ligge litt «usentralt» i forhold til innbyggartal kan sjåast positivt også. Det er bra for dei nordlege delane av Osterøy at kommunesenteret ikkje er enno lenger vekke. Og det skjer jo ting i Lonevåg også! Det er bygd opp eit veldig bra miljø for born og unge på Hatland med ny barneskule, U-skule (vert planlagt utvida), flott vidaregåande skule og Osterøyhallen / bana. Kommunale sørvis-funksjonar ligg her – ikkje minst Familiens Hus (hurra!). Med god planlegging er det plass til meir på Hatland. I åssidene rundt sentrum vert det planlagt og bygd bustader (bl.a. Fugledalen). Kanskje kan det no komme ein større vekst i Lonevåg enn me har sett dei siste 20 åra? Handelssentrum ligg lenger nord på eit lågare nivå ved vågen. Her er utfordringane store med tanke på flaum og havnivåstigning. Ideelt sett burde heile handelssentrum hevast – til uviss kostnad. Så lenge dette ikkje er løyst (noko som er tema for Lonevågsplanen) så heng det ei lita uvisse over handelssentrum. Kva grep skal vi velje – til kva kostnad – og kven skal betale? Eg har ikkje svaret – i alle fall ikkje no.
Stikkord: tilbod, møteplass, barn og unge, offentleg nærvær, administrasjon, flaum og havnivå, moglegheiter og utfordringar

Valestrand – Hauge

For det første: Himmel og hav, som Valestrand-Hauge har vokse i folketal! Auken er på 43% dei siste 20 åra.

For det andre; JA Hauge er del av områdesenteret! Det blir ofte berre sagt «Valestrand», men i kommuneplanen som gjeld, så er det understreka at Hauge må reknast som del av områdesenteret. Det er eit stort bumiljø, oppvekstmiljø, omsorgssenteret ligg her, saman med den største konsentrasjonen av arbeidsplasser i kommunen. Me kan ikkje la ver å planlegge Valestrand og Hauge saman. Nettopp derfor har eg fleire gonger påpeika at det er eit stort sakn at me ikkje har ein kommunedelplan for dette områdesenteret. Korleis skal Valestrand og Hauge utfylle kvarandre? Korleis skal dei gro saman? (det er i ferd med å skje uansett, meir eller mindre tilfeldig). Kanskje kan me få gjort noko i rullering av kommuneplanen? Sjå på talet på innbyggarar på Hauge! Det er i dag 914 innbyggarar her, og mange av dei bur vest i krinsen på Loftås (eg er ein av dei). Men eg var ikkje klar over at Hauge var ein av dei mest folkerike krinsane i kommunen allereie i 1999, og det er 8 år før Loftås vart utbygd! Dette viser at folk bur ikkje berre tett rundt Valestrandsgryta, men der er ei jamn busetning i det vide landskapet innafor. I desse områda skjer det no ei fortetting med bustader, næringsareal, butikkar, funksjonar som eg syns er positivt, men som er lite koordinert. Igjen: me treng ein plan for dette – elles misser me viktige samanhengar!

Valestrand har ein relativt ny områdeplan. Den er ganske «stram» etter mitt syn, med nokså detaljerte føresegner og rekkefølgekrav. Eg trur me går glipp av mykje når me ikkje har ein fleksibel plan som er mogleg å jobbe med når nokon vil i gang med eit tiltak eller eit byggeprosjekt. Dette er ein balansegang, for dei fleste kommunar ønskjer å vere i førarsetet og vere tydelege og konkrete. Men faren er at planen blir meir teoretisk enn realistisk. Traff ein planken med denne planen? Eg er og veldig i tvil om det finst marknad for dei ambisjonane planen legg opp til. Det vert lagt til grunn ei stor endring i Valestrand sentrum med «urbane kvalitetar». Er det behov for urbanitet i Valestrand?

Elles er det mykje godt å seie om Valestrand – ei bygd med sjølvtillit og nasen vendt mot fjorden. Men ein treng sårt ein ny barnehage, ein treng sårt ein ny skule med plass til fleire, etter at dei fekk tre grendaskular i fanget som følge av skulenedleggingar. Når Rundhovde óg vert bygd ut, og stadig fleire flyttar til Loftås – då er eg verkeleg bekymra for Valestrand skule. Hadde eg fått det som eg ville, hadde me no hatt ein ferdig områdeplan for ny skule i Elvikaskogen. Elles manglar det ikkje på byggeaktivitet på Valestrand og Hauge. Det vert bygd «over alt» og når eg nå står i glaset hos Ingunn Marie og Rune, så ser eg Loftås skli over åsen og ned mot sjukeheimen. Dette smeltar saman. Veit me korleis?

Stikkord: tyngdepunkt, uløyste behov, gang- og sykkelveg (fv), samansmelting, identitet, moglegheiter, få funksjonar til å henge saman

Haus

Haus har ikkje vokse på 20 år, og det er eit problem -særleg fordi me veit at det verkeleg er sterkt ønskje om å busette seg her. Del av utfordringa er at Mjelddalen er viktig landbruksjord og kulturlandskap – og skal ikkje byggast ned. Den smale stripa vest for Mjeldavågen er -ja – smal, og mykje er bygd ut allereie. Her er rom for fortetting – heilt klart. Samtidig har Haus fantastiske kvalitetar som treng omsyn. Det er fullt mogleg å vidareutvikle Haus utan å øydelegge den fine tettstaden. Der er initiativ til ei bustadutbygging midt i sentrum som eg håpar slepp gjennom nålauget. Eg håpar at bygget vil ha dei estetiske kvalitetane og tilpassingane som Hausgrenda bør ha. Trur eg på eit oppsving for Haus? Ja, noko, men ikkje slik som for Valestrand og Lonevåg – til det er dei fysiske begrensingane for store. Men noko auke må vere mogleg å få til, og det bør ein utnytte! Elles er her klare utfordringar for mjuke traffikantar i sentrum av Haus. Dette er alvorleg, sidan dette er skuleveg og veg til barnehagen. Kommunen har ikkje kapasitet til å lage områdeplan for Haus no med det første. Kan det vere ei naudløysing at ein i samband med rullering av kommuneplanen kan ha eit delprosjekt som omhandlar trafikale utfordringar i Haus?

Stikkord: fortetting, handlingsrom, identitet, planlegging.

Til sist: Tysse!

Kva skal vi gjere på Tysse? Kvifor er dette den einaste krinsen som har ein klar og markant nedgang i folketal? Er det slik at Fotlandsvåg har vokse på bekostning av Tysse(og Bernes)? Bør vi ha ekstra fokus her i samband med ny kommuneplan? Kva trengs, kva manglar, kva kan hjelpe?

Kjelder: folketal er henta frå SSB
Kart har eg teikna sjølv med utgangspunkt i kart som viser grunnkretsar