Valprogram 2020-2023

Toppkandidatane til Sogndal Venstre
Sogndal Venstres toppkandidatar er Bjarte Haugen, Trude Risnes og Eva Ramstad., Foto: Are Kvistad

– Saman byggjer me ein ny kommune! Dette står i innleiinga til nye Sogndal Venstres valprogram for perioden 2020-2023 som vart vedteke på medlemsmøtet 17. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Frå 1. januar 2020 blir Balestrand, Leikanger og Sogndal éin kommune. Sogndal Venstre vil bruka valperioden til å byggja ei solid plattform for vår nye kommune som styrkar og fornyar lokaldemokratiet.

Brosjyre Sogndal Venstre
Sogndal Venstres ordførarkandidat Trude Risnes på framsida av valprogrammet.

Lokallaga har gått saman og stiller felles liste til kommunevalet 2019. I vårt første felles valprogram har vi løfta fram utfordringa ved å byggja nye Sogndal, noko som er både ei krevjande og inspirerande oppgåve. Dagens kommunar har gode kvalitetar som må takast vare på. Samstundes skaper samanslåinga eit rom for vidareutvikling.

Eit godt lokaldemokrati kjem ikkje av seg sjølv. Det er avgjerande at innbyggjarane i alle delar av kommunen har tillit til politikarar og administrasjon. Som folkevalde skal me utøva ombodsrolla vår med integritet. Det krev at me tek folk på alvor, og at administrasjon og politikarar legg til rette for reell medverknad og openheit i saker og prosessar.

Me skal også ivareta god folkevald styring. Forvaltning av kommunen sine ressursar skal tena fellesskapet og vera i tråd med det innbyggjarane forventar og opplever som rett. Venstre vil styrka folkevaldopplæringa.

Venstre vil arbeida for meir openheit fordi ytringsfridom og pressefridom er grunnleggande verdiar i demokratiet, også lokalt. Me vil arbeida for eit inkluderande ordskifte der det ikkje er rom for truslar, sjikane og andre verkemiddel som hindrar frie ytringar.

Nye Sogndal kommune har eit godt utgangspunkt for å lukkast i framtida. Sogndal er ein viktig regionsenterkommune og kjernen i bu- og arbeidsmarknadsregionen Sogn. Me har eit solid næringsliv, gode kommunale tenester, bu- og oppvekstvilkår, høg attraktivitet som reiselivsmål og studiestad – og me har mange engasjerte innbyggjarar.

Politikken

I programmet kan du lese kva Venstre vil prioritere innan områda

  • God oppvekst og utdanning for alle
  • Eit trygt og brukarretta helse- og omsorgstilbod
  • Mangfald i kultur-, idretts- og fritidstilbodet
  • Eit grønare og klimavennleg Sogndal
  • Samarbeid om nærings- og samfunnsutvikling
  • Attraktive nærmiljø og tettstader
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**