Tidleg-røystinga til kommune- og fylkestingsvalet har starta

volda venstre

I dag – 1. juli – startar årets kommune- og fylkestingsval. Fram til 9. august er det no høve til tidleg-røysting. Dette er meint som eit tilbod til røysteføre som ikkje har anledning til å førehandsrøyste i den ordninære perioden mellom 12.august og 6. september – eller på sjølve valdagen 9. september.

Når du skal tidlegrøyste, er det berre høve til å røyste på parti utan å nytte listesetlar.

Røystestad i “Nye” Volda kommune, er sørviskontora på rådhuset i Volda og på rådhuset i Hornindal. Røystelokala er opne måndag til fredag i tidsrommet frå kl 09 til kl 15.

BRUK RØYSTERETTEN – STEM VENSTRE!