Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) besøkte Florø 26. juni 2018. Han møtte eit offensivt næringsliv som skapar arbeidsplassar og vekst gjennom å ta det grønne skiftet på alvor. – Eg er den grøne næringsministeren, sa statsråden, som vart godt mottatt i kystbyen denne flotte sommardagen.
Statsråden besøkte Fjord1, Fjord Base, E. Karstensen Fiskeoppdrett AS ved øya Vevlingen vest for Florø og Hub for ocean (tidlegare Maritim Foreining). Med frå Kinn Venstre var ordførarkandidat Jacob Nødseth, Edvard Iversen, Hilmar Eliasson, Jan Henrik Nygård og Torstein Hagen.
For Kinn Venstre er det viktig å knyte kontaktar mellom næringslivet vårt og våre toppolitikarar nasjonalt. Tidlegare i år har mellom anna forskningsminister Iselin Nybø (V) besøkt Måløy og MMR Ocean Blue (Måløy Marine Ressurssenter) og Venstre sin parlamentariske leiar Terje Breivik har besøkt skipsindustrien i Vågsøy. Våre lokale kandidatar, med ordførarkandidat Jacob Nødseth og andrekandidat Edvard Iversen i front besøker jamnleg bedrifter, organisasjoner og enkeltpersonar i våre to kommunar – ta gjerne kontakt med oss, så kjem vi på besøk.
Du kan sjå fleire bilde frå besøket til Elvestuen på våre Facebooksider. Følg oss også på Instagram: @kinnvenstre.