God infrastruktur er avgjerande for busetnad, miljø og næringsliv. Vestland Venstre har tre hovudprioriteringar i komande periode.
- Trygge framkomelege vegar som reduserer reisetida internt i regionen; der trafikktryggleik får høgste prioritet, med ein nullvisjon i trafikkdrepne og hardt skadde.
- Vidareutvikla kollektivtilbodet i heile fylket, og Bybanetilbodet i Bergen.
- Enklare reiser gjennom gode digitale verktøy, samordna prissystem og forståeleg organisering.
Auka satsing på kollektivtransport, gåande og syklande er vesentleg for ein berekraftig vekst i
Bergensregionen og dei større tettstadane våre. Me vil at fleire skal kunna velja kollektivtransport framfor bil. Me vil sørgja for betre korrespondanse innafor kollektivtransporten, og ønskjer rimelegare kollektivtransport i heile fylket.
Venstre vil arbeide for at viktige samferdsleprosjekt i regionen vert prioritert høgare i Nasjonal Transportplan. Venstre vil legga vekt på gul midtstripe, rassikring, ferjeavløysingsprosjekt, auka vegvedlikehald, og utvikling av framtidsretta ferjetilbod tilpassa folk og næringsliv. Dette må prioriterast først i Vestland Fylkeskommunes innspel til Nasjonal Transportplan.
Vidare vil Venstre prioritere utbygging av veg/jernbane mellom Bergen og Voss (K5) og gul midtstripe på E39.
Me treng vidare utbygging av den digitale infrastrukturen for å kunna nyttiggjera oss heile fylket og hevda oss i konkurransen om oppdrag og arbeidskraft både nasjonalt og internasjonalt.
Mobilitet
Venstre vil:
- leggje større vekt på miljø og kvalitet i anbodskriteria
- utvikle båtrutetilbodet slik at det vert tilpassa lokale behov og korrespondanse med annan kollektivtransport, slik at kystsamfunna våre kan fungera best mogeleg
- vurdera andre former for serviceskyssordningar enn ordinære rutebussar
- byggje ut innfartsparkering ved utvalde kollektivknutepunkt
- arbeide for eit felles billettsystem på all kollektivtrafikk i fylket
- innføre færre soner innan kollektivtilbodet i heile Vestland
- ha harmonisert, rimelig kollektivtransport i heile fylket, samt redusert takst i sone A
- ha som mål å utvide «trygt heim-ordninga»
- at det skal vere gratis for born å reisa med kollektivtransport ut barneskulen
- at ungdomskortet skal vere tilgjengeleg for ungdom frå ungdomsskulen og ut året dei fyller 20
- at studentkortet skal vere eit rimeleg alternativ, og skal gjelde heile Vestland
- ha eit kollektivtilbod med tilrettelagt korrespondanse i kommunane
- ha samsvar mellom utvikling av kollektivtilbod og innkrevjing av bompengar for utbygging av kollektivtilbod, sykkel og gange i samband med byvekstavtalar
- gje bussen prioritet i lyskryss
- at all offentleg transport skal vere universelt utforma
- at Vestland skal prøve ut nye mobilitetsløysingar, og at regelverket må tilpassast dette
- føra ein drosjepolitikk som kan gjera det mogleg å leva som løyvehavar og/eller drosjesjåfør i eit fornuftig regulert konkurransesystem
- at drosjenæringa må ha same klimamål som anna kollektivtransport
- ha kollektivtilbod på kveld og ettermiddag til alle campus i Høgskulen på Vestlandet utanfor sentrum.
- etablere eit samarbeidsorgan og eit avtaleverk som sikrar at Bergen Kommune og kommunane i fylket vert sikra å bli høyrde, ogfor å påverka utviklinga av kollektivtilbodet i sin kommune/region
- ha bysyklar i fleire tettstader i Vestland, også tilknytt campus-områda, universiteta og dei vidaregåande skulane
- knyta bysyklar opp til månadskort gjennom ei rabattordning i dei kommunar det gjeld
- byggje vidare på dagens flyplass-struktur som viktig for næringslivet i Vestland og for elektrifisering av flytrafikken
Fylkesvegane
Venstre vil:
- prioritere trafikktryggleik og vegvedlikehald
- prioritere sambinding av det nye fylket gjennom ein effektiv kyststamveg
- sikre gode vegsamband austover for å ivareta næringslivet sine behov
- ha kortare reisetid til Bergen og dei andre regionsentera
- at det skal løyvast vesentleg meir midlar til rassikring, tryggleik og auka standard på fylkesvegane
- lage ein plan for veglys langs regionale skulevegar
- samarbeide med private aktørar, kommunar og stat om utbygging av sanitæranlegg og kvileplassar langs vegane
- ha trafikksikringstiltak som gjer at alle kan gå og sykle trygt til skule, jobb og fritidsaktivitetar
- stø opp om godkjenningsordninga «Trafikksikker kommune» og arbeida for at Vestland fylke skal bli godkjent som «Trafikksikker fylkeskommune»
- at det skal vere mobiltelefon- og DAB-dekning langs alle fylkesvegane inklusiv tunnelar
- at fylkeskommunen bør leggje til rette for at infrastruktur mellom kommunesentra vert best mogeleg når kommunane slår seg saman
Miljøvenleg transport og mjuke trafikantar
Venstre vil:
- prioritera utbygging av gang- og sykkelvegnett i kommunar med planverk på gjennomgåande gang og sykkelvegnett og/eller Sykkelby-avtale
- at alle nye vegtrasear i tettbygde strok skal ha gang- og sykkelfelt
- bidra til endå betre infrastruktur for null- og lågutsleppskøyretøy
- stimulere til at tungtransporten, ferjene og båtane vert fossilfrie
- arbeida for at meir gods og folk vert transporterte på kjøl
- at fylkeskommunen aktivt skal samordna sin samferdslestrategi med kommunane slik at ein til dømes kan gjere det rimelegare å føra fram straum og vatn
Skinnegåande transport
Venstre vil:
- at lokaltrafikk på jernbanen Bergen-Voss må integrerast i kollektivopplegget
- arbeide for å ruste opp Bergensbana slik at reisetida Bergen-Oslo blir konkurransedyktig med fly
- arbeide for lyntogsatsing i landet, med hovudfokus på Vestlandsbana over Haukeli.
- byggje ut Bybanen til Spelhaugen og Åsane