Kapittel 7 – Folkehelse

Folkehelseperspektivet er å fremje helse og å førebyggje. Helsefremjande arbeid er definert som ”den prosess som gjer folk i stand til å betre og bevare si helse”, medan førebygging oftast er retta mot spesifikke risikofaktorar. Helsefremjande arbeid skaper leve- og arbeidsforhold som er trygge, stimulerande, tilfredsstillande og gir auka trivsel. For å lukkast må folkehelseperspektivet som eit overordna prinsipp takast med inn i alle område. Venstre skal synleggjere gjennom vår politikk konkrete tiltak som både er helsefremjande og førebyggande og slik ha folkehelseperspektivet med i alt vi gjer innan alle politikkområde.

Alle høyrer til eit lokalsamfunn, og mange deltek i ulike lag og organisasjonar. Aktiviteten som vert utført av frivillige lag og organisasjonar bidreg til helsefremjing og førebygging.

Venstre vil:

  • bidra til stønadsordningar som kan søkjast av lag og organisasjonar som har tiltak som bidreg til helsefremjing og førebygging
  • følge opp det nasjonale programmet – Program for folkehelse i kommunane – og inkludere heile Vestland fylke i programmet
  • at fylkeskommunale bygg vert nytta utanom “vanleg opningstid” til både idrett og kulturaktivitetar
  • ha ein tannhelsestruktur som gjev eit godt tilbod òg i distrikta
  • innføre fylkeskontakt/koordinator for krigsveteranar i Vestland fylke
  • innføre nullvisjon også mot sjølvmord
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**